Gjer suksess med babynest
På det meste får ho femti bestillingar i veka. Då er det ikkje rart symaskina går varm i kjellarleiligheita til Henriette Sundfjord.

Det heile starta då Henriette var gravid med sitt tredje born i 2013.
– Eg hadde lyst til å sy eit babynest til han og satte i gang. Eg fann ei oppskrift på ein svensk blogg og satte i gang. Då eg var ferdig tenkte eg "aldri meir", men eg var bitt av basillen og eg fann etterkvart ut at dette kunne eg gjera til eit levebrød, fortel Henriette Sundfjord som står bak dei to merkevarene Lille Stjerne, kor ho no sel stoffer og barnekler, og Lille Verden, som er merkevara for babynesta.
Ryktet spreidde seg
Ryktet om at ho tilbydde seg å sy babynest spreidde seg i venninnegjengen og i barselsgrupper. No har ho opparbeidd seg både eit namn og ein stor kundekrins med dei eigendesigna babynesta.
– Det heile starta oppe i stua, med minstemann leikande på gulvet før eg fekk meg eit lite hobbyrom. Det er først no i år at eg flytta ned her, fortel Sundfjord når ho tek i mot Midtsiden i kjellerleiligheita heime i Nordstølen på Nore Neset.
Tryggleik i fokus
Ho fortel at alt blir laga for hånd frå botn av og med babyens beste i fokus.
– Eg har fokus på babyens tryggleik og sikkerheit. Mellom anna nyttar eg ein fast madrass, levert frå ein norsk produsent, som er i tråd med dei anbefalingane som Landsforeninga for uventet barnedød har kome med. Alle stoffene og materiale eg nytter er trygge materialer, forklarar Sundfjord.
Måtte stengja nettbutikken
Sundfjord syr babynesta på bestilling og har oppretta nettbutikken lillestjerne.no for å nå ut til kundane.
– Alt eg syr, syr eg på bestilling. Eg har forskjellige alternativ og forskjellig tilbehør ein kan få. Mange kjem med eigne ønskjer slik at dei får eit unikt babynest til sitt born.
At ho har trefe ein marknad er det liten tvil om.
– På det meste i fjor fekk eg 50 bestillingar i veka. Det var litt i meste laget av kva eg klarte å ta unna på eigenhand, så då blei eg rett og slett nøydd til å stenga nettbutikken ei periode for å få tatt unna.
Har utvida med stoffer og kler
Etter å ha starta med babynesta har ho no utvida til også å selja økologiske tekstiler og babykler.
– Eg utvida først med å tilby ulike tilleggsprodukt som sengetøy, laken og gulpeputer til babynesta. No har eg òg starta å selgje soffer som metervare og ulike babykler av eige design. Desse legg eg òg ut oppskriftene på i bloggen min, slik at folk også kan sy dei sjølv.
Har planane klare
Den driftige syersken og designaren ligg ikkje på latsida.
– Eg har mange tankar om kor eg har lyst til å ta dette vidare. Målet er at eg ein dag skal koma dit at eg kan ansette nokon til å hjelpe meg. Eg har òg lyst til å komma dit at eg kan ta verksemda ut av kjellerleiligheita og laga ein butikk inne på Os. Eg har og lyst å byrja å designe eigne økologiske tekstiler. I dag sel eg berre på privatmarknaden, men då kan eg òg ta det ut i bedriftsmarknaden. Eg har ein leverandør eg kan gjera det med, men det koster jo eindel, så eg får ta det når eg har bygd opp det eg held på med no enno meir, avsluttar ho med eit smil.