Lokal | 24. des. 2015

Gjestbrygga i ferd med å lausna?

Brannvesenet held gjestehamna under oppsikt.

Gjestbrygga i ferd med å lausna?
Gjestebrygga utanfor essoen får kraftig juling i dag. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. des. 2015 10:40

Bølgjene står kraftig på frå sør i Os hamn, og ifølgje ein turgåar er gjestebrygga i ferd med å lausna.

– Vi har nettopp vore nede i hamna og vi held fram med å halda brygga under oppsikt, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Det er brannvesenet som har ansvar for drifta av Os hamn.

– Vi har òg vore i dialog med eigaren av ein stor båt som ligg inst i brygga. Han har ikkje problem med å gå frå land, men han tar ikkje sjansen på å snu båten så langt inne i hamna når straumen er så kraftig.

Brannvesenet fryktar at båten skal vera med på å dra brygga laus.

– No er den i tillegg fortøydd i land, det kan nok hjelpa. Å styra med å fortøya brygga betre no er risikofylt, så det er ikkje sett i gang noko tiltak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.