Lokal | 11. mai 2020

Gjestebrygga rusta opp med rist

– Det er absolutt naudsynt, seier kommunen, som håper å opna brygga til 17. mai.

Gjestebrygga rusta opp med rist
Gjestebrygga er nesten ferdigreparert. Delar av tredekket er erstatta av metallrist. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. mai 2020 09:09

I januar blei gjestebrygga frå Esso til Peppes skadd av kombinasjonen ekstremt høg flo og frisk bris frå sør. Brygga, som berre har hatt småskadar i løpet av si rundt 30 år gamle levetid, fekk skader for rundt ein million kroner.

I april starta arbeidet med å reparera brygga, no nærmar den seg ferdig.

– Eg kan ikkje lova at vi er i mål til 17. mai, men det er mogleg å opna brygga for ferdsle før vi har fått på skjørtet, altså utsida mot sjøen, seier Per Atle Arefjord frå prosjektavdelinga i Bjørnafjorden kommune.

Rist har vekt reasjonar

Delar av tredekket er erstatta av ei rist, for at framtidige bølgjer ikkje skal løfta brygga opp av festa sine fleire gongar.

Det har i helga vekt reaksjonar, blant anna fordi det blir ubehageleg for hundar å gå på brygga.

– Det var ei klar anbefaling av konsulent at vi gjorde dette grepet. Vi har laga nye feste og dobla styrken på treverket fleire stadar, men når sjøen er høg og uroleg er det enorme krefter under ytste del av gjestebrygga, forklarer Arefjord.

– Vi vurderte for og imot, og har prøvd å ta omsyn til firbeinte og andre denne rista kan vera til ulempe for ved å ha treverk ytst. Vi håper naturlegvis at promenaden blir brukande for flest mogleg, at folk og hundar slepp å svinga oppom parkeringsplassen på dette stykket. Men samtidig skal vi redusera faren for at vi får nye skadar og periodar med stengt brygge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.