Næringsliv | 21. jan. 2011

Gjev ikkje opp lefsene

Ordførar Terje Søviknes har ikkje gjeve opp å halda «Lefsebakeriet» i bygda. Fem stadar kan vera aktuelle.

Gjev ikkje opp lefsene
Andris Hamrefredag 21. jan. 2011 11:46

I oktober skreiv mellomanna Midtsiden.no om at Rieber & Søn vurderte å flytta produksjonen av den populære Vestlandslefsa frå fabrikken på Bø til Arna eller Tysnes.

Grunnen til flyttinga er at produksjonslokala på Bø har blitt for små for den populære lefsa. Fabrikksjef Jan Arne Vevatne sa den gong at dei eigentleg ikkje hadde noko alternativ på Os og at det interne prosjektet i selskapet difor hadde sett på alternative plasseringar andre stadar.

Kasta seg rundt
Då det blei klart at Rieber & Søn vurderte å flytta frå bygda var ikkje ordførar Terje Søviknes sein om å ta kontakt med konsernet for å høra om ikkje det var noko Os kunne gjera for å halda den tradisjonsrike fabrikken på Os.

- Det virkar som om Rieber & Søn har «restarta» prosessen med flytting etter at vi var i kontakt med dei i oktober, seier Søviknes.

På vegne av kommunen sendte han like før jul eit prospekt med fem ulike tomtealternativ til Rieber & Søn.

- Vi har hatt litt kontakt på e-post etter at dei fekk prospektet frå oss og ventar at dei vil ta kontakt igjen når dei har kome litt lengre i prosessen.

Klare krav
Før kommunen sendte prospektet fekk dei ein kravspesifikasjon om kva areal som trengs for ein ny fabrikk.

Totalt treng Rieber & Søn eit område på 10.000 kvm med eit produksjonslokale på 2.500 kvm og moglegheiten for utviding. I tillegg treng dei fryselager, sosiale rom som kontorar/garderobar og kantine.

Ikkje minst er adkomst til eigedommen viktig i høve til innkommande og utgåande logistikk.

Fem alternativ
I prospektet skisserar kommunen fem alternativ som kan vera aktuelle for reetabelering av Rieber & Søn sin produksjon på Os.

  • Næringsområde i Hegglandsdalen
  • Lidl-lageret i Ådnadalen
  • Ådnadalen, næringsareal innanfor Lidl-lageret
  • Endelausemarka
  • Ekspansjonsmogligheiter på Bø då nabo til dagens fabrikk, Johs. Sælen & Sønn, er i ein prosess med relokalisering av sin virksomheit.

Med unntak av Endelausemarka er alle alternativa i privat eige. Kommunen har vore i kontakt med grunneigarane som alle stillar seg positive til eit eventuelt sal til Rieber & Søn.

- For Os kommune er det viktig å gjera det vi kan for å halda Lefsebakeriet i bygda, seier Søviknes.

- Vi har ein god dialog, men til sjuande og sist er det bedrifta som avgjer kor dei vil re-etablere seg.

- Eg meiner jo at Os er ein god plass med kort veg til Bergen og gode kommunikasjonsliner både aust og sørover. Ikkje minst når ny E-39 kjem på plass om nokre år, avsluttar Søviknes som håper at valet tilslutt fell på Os.

Fakta om Vestlandslefsa

  • Inger Bøe starta produksjonen i kjellaren sin for over 50 år sidan.
  • Sonen Torolf Bøe og kona Rigmor starta fabrikkproduksjon av Vestlandslefsa i 1959.
  • På slutten 70-talet byrja produksjon av ferdigsmurte Vestlandslefser.
  • Fabrikken blei selt til Rieber & Søn i 1989 og heiter no Toro Os.
  • Blir no selt i fire variantar, tørre lefser, smurte lefser (smør, sukker og kanel), smurte lefser med eplesyltetøy og nyheiten Sjokokaramell (smurt lefse med lys kakaotrøffel med sjokoladesmak).
  • Produserer 70/30 smurte/tørre lefser, 1 lefse i sekundet, i to skift.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.