Lokal | 15. des. 2015

Gjevarglede i Øyane

Denne unge gjengen har sytt for 51 julegåver til andre born gjennom Julekorg-prosjektet.

Denne flotte gjengen har hatt travle dager med flaskepanting, resultatet blei 51 gåver til born i Os. (Foto: KML)
Cathrin Valestrandtirsdag 15. des. 2015 20:12

Bildeserie:

Gutane, Jonas, Fabian og Henrik, var ivrige deltakarar i pantinga. – Vi fant flasker for 740 kroner berre i vår garasje, fortel Henrik stolt.
1 av 1
Gutane, Jonas, Fabian og Henrik, var ivrige deltakarar i pantinga. – Vi fant flasker for 740 kroner berre i vår garasje, fortel Henrik stolt.

Det heile byrja med at ein av initiativtakarane, Margareth Østervold, sat og snakka med jenta si Malene om at det hadde vore kjekt å kunne hjelpa nokon andre born i Os til jul.

– Så kom vi på at vi kunne panta flasker. Vi håpte på å få inn gjerne 1000 kroner som vi kunne kjøpa gåver til julekorg-prosjektet for, fortel Margareth.

Målet om 1000 kroner knuste dei så det ljoma etter, 6500 kroner kom inn på nokre få dagar.

Balla på seg

For å få fleire med på laget sende ho melding til nokre fleire mødre i Øyane, og deretter balla det berre på seg.

- Vi har vore kring 15 ungar i alderen 6 til 14 år i sving desse dagane. Det var veldig impulsivt, og ikkje så godt planlagt. Vi la ut ei melding på facebook på torsdag, og i går var vi å panta flasker og handla presangar. Det vart så mange gåver at dei rakk ikkje å pakka inn medan vi var der, ler ho.

Viktig lærdom

Margareth trur at det aller viktigaste borna har fått med seg av denne opplevinga er gleda av å gje til andre.

– Eg trur nok ungane synest det er veldig kjekt å gje til andre ungar. Og Julekorg-prosjektet var ein natuleg mottakar sidan dei gjev til born her i Os.

– Men eg trur ikkje verken borna eller vi vaksne som har hjelpt til forstår kor stort dette er. Det er berre kjekt å hjelpa til!

Stiller gjerne på igjen

Margareth ser det slett ikkje som usannsynleg at dei stiller på med noko tilsvarande neste år. Opplevinga har gjeve meirsmak.

– Då kan vi kanskje planlegga det litt betre, og vera litt tidlegare ute. Dessutan håpar eg vi inspirerer andre til å gjera det same, eller liknande.

– Heilt fantastisk

Ei av dei som initiativtakar i julekorg-aksjonen, Birte Særvold Pedersen, har fått med på laget i år er Irene Særvold Halvorsen. Ho er skikkelig imponert av dei engasjerte borna frå Øyane.

– Det er heilt fantastisk! Og veldig kjekt at borna får vera med å hjelpa.

– Dei er veldig flinke i Øyane, det merker vi, seier ei takksam Irene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.