Sport | 04. juli 2016

Gjorde comeback - blei tatt ut til U23-VM

Erling Øyasæter frå Os Roklubb er tatt ut til U23-VM. – Han har hatt ei litt spesiell utviklingskurve, seier rosjef i Os, Amund Bjørnevik.

Gjorde comeback - blei tatt ut til U23-VM
Erling Øyasæter er tatt ut til U23-VM i Nederland i august. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. juli 2016 07:59

Norges Roforbund har tatt seks utøvarar til VM U23 i Nederland i august.

Erling Øyasæter (fødd i 1994) frå Os Roklubb er ein av dei seks i uttaket.

Her er U23-landslaget:
BM2x - Martin Helseth (Aalesunds Roklub) og Erik Solbakken (Moss Roklubb)
BM4x - Adrian Lindgren (Tønsberg Roklubb), Ole Bang-Andreasen (NSR), Jørgen Mjøs Nilsson (Tønsberg Roklub) og Erling Øyasæter (Os Roklubb)

– Vi gler oss over uttaket og er stolte over det Erling har fått til. Spesielt det siste 1,5 året har han blitt stadig sterkare og no i vår har han lagt blant dei nest beste på seniornivå, seier Amund Bjørnevik, sportleg leiar i Os Roklubb.

Bjørnevik har sjølv rodd med Øysæter fleire gongar og dei to tok NM-gull saman i junior dobbelsculler i 2012.

Dette var Os Roklubb, som er over 90 år, sitt første NM-gull.

– Det er likevel ein litt spesiell måte Erling klatrar mot seniortoppen på, seier Amund.

– Betre som senior enn som junior

Øyasæter la opp etter 2012, som var hans siste år som junior.

– Han trente andre ting, men ikkje roing. Så kom han tilbake i 2014, og bruker så kort tid på å koma i toppen.

– Eg vil seia at han er betre som senior enn som junior. Han var god då han var yngre òg, men utmerkte seg ikkje på same måte som no.

– Det er spesielt å sjå at han ligg på startstreken med Olaf Tufte. Greit at han kjem eit stykke bak, men resultatmessig er han ikkje så langt unna seniortoppen. Han skårer òg veldig bra på fysiske testar, seier Bjørnevik.

Arne Hadler-Olsen er tilbake

Resultat frå våren gav grunnlag for kvalifisering til ei uttaksveke i juni (veke 25).

Også Arne Hadler-Olsen frå Os, som i fjor rodde U23-VM i Bulgaria, var med i uttaksveka.

– Arne er to år yngre og har nett kome heim etter eit år i USA. I USA fekk han trent godt, men universitetslaga ror med éi åre kvar, heilt ulikt det Arne har trent på før og konkurrerer i no.

– Det er veldig sterkt av Arne å koma tilbake og kvalifisera seg til denne veka, der han ikkje var så langt vekke frå å bli tatt ut han òg, trass at han har hatt kort tid på seg til å tilpassa teknikken til to årer igjen.

Det gjekk over ei veke med diskusjonar i forbundet før uttaket laurdag blei publisert på roing.no.

Oscar Helvig (NSR) evalueres inn i 4x dersom trener og OLT mener det er forsvarlig at Oscar kan trene for fullt ukene før mesterskapet.

«Dette uttaket har vært gjennom flere diskusjoner med trenere, utøvere involvering av OLT. Årsak til dette har vært at våre beste utøvere har hatt egne prioriteringer for deltagelse i VM U23, og trenerteam og leder for KSU og TiU har sett behov for å gå i dialog med utøverne for å få klarhet i de aktuelle roernes syn på saken opp mot NR sin satsing og målsetning med gruppen» skriv leiar for toppidrettsutvalet (TiU), Thorvald Jakobsen, på roing.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.