Sport | 07. sep. 2019

Gjorde comeback - fekk svart belte

Den høgast graderte i verda var sensor då Svein Erik Henne gjekk opp til svart belte.

Gjorde comeback - fekk svart belte
Svein Erik Henne (midten) saman med britiske sensei Jon Wicks (8. dan) og Cato Bruarøy (7. dan). (Foto: Ole Vidar Søviknes)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. sep. 2019 12:48

Bildeserie:

Ole Bakke fekk sitt andre svarte belte. (Foto: Ole Vidar Søviknes)
Ole Bakke fekk sitt andre svarte belte. (Foto: Ole Vidar Søviknes)
Folk reiste frå nord og aust til Os for å gradera seg framfor Wicks. (Foto: Ole Vidar Søviknes)
Folk reiste frå nord og aust til Os for å gradera seg framfor Wicks. (Foto: Ole Vidar Søviknes)
Før gradering var det trening. (Foto: Ole Vidar Søviknes)
Før gradering var det trening. (Foto: Ole Vidar Søviknes)
1 av 3
Ole Bakke fekk sitt andre svarte belte. (Foto: Ole Vidar Søviknes)
Folk reiste frå nord og aust til Os for å gradera seg framfor Wicks. (Foto: Ole Vidar Søviknes)
Før gradering var det trening. (Foto: Ole Vidar Søviknes)

Den siste helga i august var karateutøvarar frå nord og aust samla i Os Idrettspark for å bli instruert av sensei Jon Wicks. Wicks har sjølv trent under grunnleggaren av Wado-karate, Hironori Ohtsuka, og tok over som World Chief Instructor etter Tatsuo Suzuki (1928–2011).

Sensei Wicks (8. dan/8 svarte belte) leia samlinga saman med Cato Bruarøy 7. dan og Kjell Jacobsen 7. dan, og det var duka for gradering også for dei på øvre nivå.

Ein av deltakarane frå Os, Ole Bakke, gjekk opp til 2. dan og fullførte med stil og godkjent.

Ole er far til blant anna Ida Bakke, som har gjort det skarpt i konkurransar i ei årrekkje. Sjølv byrja han å trena for å følgja veslesøstera Helena på familiekarate i Øyane.

– Ole er blant dei som trener aller mest i klubben. Han har klatra jamt i gradane, og det var vel fortent at han no fekk 2. dan, seier Cato Bruarøy.

Ny svartbeltar i klubben

Os Karateklubb fekk òg ein ny svartbeltar i klubben. Svein Erik Henne (47) byrja å trena karate midt på 80-talet og gjorde comeback for halvanna år sidan.

Midtsiden var med då han i desember 2018 knuste planke (sjå video) og fekk siste brune belte.

No har han svart belte.

– Svein Erik leverte ein avdei beste svartbeltegraderingane vi har sett. Han har vore vekke i 25 år, men har framleis både teknikken og fysikken, skryter Bruarøy av Henne.

– Yrket hans har nok vore til hjelp, det er ikkje mange som forstår like godt som han korleis kroppen fungerer, legg han til.

Henne kan både knusa og reparera, han var for ti år sidan med og starta Os Manuellterapi.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.