Lokal | 07. aug. 2019

Gjorde skade på Strønebrua

Éin mann køyrde mc i cannabisrus, ein annan køyrde bil i rekkverket på Strønebrua.

Gjorde skade på Strønebrua
Strønebrua. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. aug. 2019 07:25

Opplysingar i ei sak førte i går til at politiet køyrde til eit nabolag på Nore Neset for å gjennomføra ei ransaking.

På staden viste det seg at vedkomande, ein mann i slutten av 40-åra, nyleg hadde køyrd motorsykkel.

– Han framsto som rusa og innrømte bruk av marihuana. Under ransakinga blei det i tillegg funne hasj og ti tablettar, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Vedkomande blei tatt med til legevakt for utvida blodprøve.

Uhell på Strønebrua

Politiet blei i går varsla om trafikkuhell på Strønebrua.

Ein bil hadde køyrd i og skadd eit rekkverk. Det var entreprenør som driv oppussing av brua som meldte ifrå.

• I førre veke tok ein seglbåt oppi stillas under brua

Politiet har registreringsnummeret på bilen. Det blir opp til Statens vegvesen å eventuelt melda bilførar for skaden som har kome på rekkverket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.