Gjorde stas på Egner
I år er det 100 år sidan Thorbjørn Egner blei fødd. I går var det markering i Banktjørnhaugen barnehage.
Onsdag 12. desember i år er det 100 år sidan Thorbjørn Egner blei fødd. Den populære forfattaren og komponisten døydde på julaftan 1990, men dei populære eventyra hans, som Karius og Baktus, Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen og Folk og røvere i Kardemommeby, lever vidare.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
Egner blir hylla fleire plassar i Noreg og i Os i år, også i Oseana (Karius og Baktus med ekstraframsyning) og i Banktjørnhaugen barnehage.
– Vi har Egner som tema i heile år og har dei siste månadane førebudd oss på ein liten Egner-fest, fortel styrar Gøril Rott.
Alle var med
Torsdag var det show, filmframsyning og fest i barnehagen, i mars blir det utstilling og litt song med foreldre på besøk.
Banktjørnhaugen barnehage har 55 born delt på tre basar, éin base for dei yngste på mellom 1 og 2 år, to basar der dei frå 2 til 6 år held til.
Alle ungane deltok med sine bidrag i Hakkebakkeskogen-framsyninga.
Viktig kulturarv
– I forkant har vi delt oss litt, der nokre har øvd på drama og song, andre har styrt på med kostymeproduksjon, fortel "arrangementsansvarleg" Christine Jacobsen.
– Dette er like kjekt for oss vaksne, som har så godt forhold til Egner sine eventyr. Og så synes eg det er kjekt å sjå ungane i sving med god norsk kulturarv, noko anna enn Disney, seier Gøril Rott.
Under ser du video frå delar av det fine Egner-showet: