Lokal | 05. jan. 2012

Glatt, blautt og fint

Torsdagen og fredagen kan bli glatt, laurdagen blir blaut, men sundagen skal bli fin om vêrmeldinga slår til.

Glatt, blautt og fint
Lysa på Telthusplassen spegla seg i det tynne islaget torsdag morgon (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 05. jan. 2012 10:04

Torsdag morgon var det på grensa til farleg å vera fotgjengar. Nedbøren som kom onsdag kveld og natt til torsdag hadde lagt seg som ei tynn hinne på vegar og fortau.

I følgje Yr.no skal temperaturen halda seg rundt 0 grader heile torsdagen. Litt meir nedbør skal det òg koma, så om ikkje det blir strødd og salta bør ein vera forsiktig når ein skal ut langs vegane.

Fredagen startar bra med temperatur rundt 0 før det stig opp mot 3-4 gradar i løpet av dagen. Yr meldar om laber bris og kun små mengder nedbør i korte periodar.

Etter regn kjem sol

Laurdag held vinden seg som laber bris, men regnet tek seg opp. Fram til laurdagskvelden kan det komma opp mot 20 mm nedbør. Temperaturen vil stiga opp mot 6 grader.

Søndag tydar på å bli ein fin dag. Temperaturen vil riktignok synka utover dagen, men sola skal skine mest heile dagen.

Frå måndag att må ein rekna med meir nedbør og høgare temperatur.

Sjå langtidsvarselet her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.