Samferdsle | 24. nov. 2025

Glatte fylkesvegar mens E39 er stengt

– Eg segla frå Ulven leir ned mot Ulvenvegen.

Glatte fylkesvegar mens E39 er stengt
Lyseklostervegen var svært glatt i ettermiddag, men er betre no. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 24. nov. 2025 19:46

Måndag ettermiddag har temperaturane gått ned, fleire stadar til under null.

Samtidig har nødetatane øving i tunellane på ny del av E39 igjen.

Røyken sto ut av Skogafjellstunnelen i kveld. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Røyken sto ut av Skogafjellstunnelen i kveld. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

Med meir trafikk på dei andre vegane mellom Bergen og Os blei det fleire som fekk kjenna på vinterføre.

– Eg valte Fanafjellet, det var kanskje ikkje så lurt. Det gjekk likevel greit, men detvar faktisk minst like glatt i låglandet. Gjennom Åsen og forbi Ulven leir var det svært isete! seier ein trafikant.

Då Midtsiden var oppom Lyseklostervegen i 19.30-tida var forholda gode, utan at vi har sjekka heile strekket.

Samtidig kom det melding om glatte vegar på Nore Neset. Også der er saltinga i gang, og forholda truleg betre om ikkje så lenge.

Øvinga i tunellane på E39 skal vera ferdig klokka 20.30 i kveld.

Verken politiloggen eller Vegtrafikksentralen åtvarar eller fortel om uhell på glatten, utanom ein velta motorsykkel i Loddefjord i 16-tida.

Dei fleste ser med andre ord ut til å takla forholda bra.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.