Lokal | 22. feb. 2021

Gledeleg overskot (!) for Bjørnafjorden kommune

Gjekk 54,1 millionar «i pluss» i fjor.

Gledeleg overskot (!) for Bjørnafjorden kommune
Trine Lindborg gler seg stort over ferske tal frå økonomisjefen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. feb. 2021 09:55

Bjørnafjorden kommune, som er godt i gang med det omfattande driftskuttprosjektet «Bjørnafjorden 22», klarte seg svært godt i sitt første år som ny storkommune etter samanslåinga.

– Eg fekk tala i dag av økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas, og dei var veldig gledelege, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).

Før revisjon viser rekneskapen eit mindreforbruk på 54,1 millionar kroner.

Netto driftsresultat er 41,3 millionar.

Blant årsakene til det solide overskotet, eller mindreforbruket, som det heiter i offentleg samanheng, er:

  • Låge renter
  • Gode finansinntekter
  • Lågare utgifter til pensjon enn venta
  • Større overføringar frå Staten enn venta, i samband med koronapndemien

– Vi var klar over at fleire faktorar ville slå positivt ut, og vi er sjølvsagt klar over at vi får nokre år med tøffe kutt.

Les òg: Kuttprosess kan enda med nedlegging av skular

– Men dette er noko å gle seg over, ei kjekk vitamininnsprøyting for både oss i leiinga og heile organisasjonen. Det gir oss òg eit visst handlingsrom, sjølv om vi skal vera varsame med pengebruken i tida som kjem.

Les òg: Os gav seg på topp - rekordoverskot i 2019

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.