Sport | 30. okt. 2015

Gledestårer i Liverpool

Då Liverbirds Os reiste på sin første fellestur til Anfield hadde dei med seg ei spesiell gåve til ein spesiell ven.

Gledestårer i Liverpool
Oddvar Davanger og Trine Haugland gav kampbillett til John Gibney, som ikkje har vore på Anfield på 31 år.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. okt. 2015 14:41

Bildeserie:

John lever av å selja magasin på gata. Den første gåva var ein varmedress.
John lever av å selja magasin på gata. Den første gåva var ein varmedress.
Så fekk han billett til kampen.
Så fekk han billett til kampen.
Ni medlemmar av Liverbirds Os på tur.
Ni medlemmar av Liverbirds Os på tur.
Espen og Maria på Anfield.
Espen og Maria på Anfield.
Espen fekk også møta Sacho og Clyne.
Espen fekk også møta Sacho og Clyne.
I morgon håper Liverbirds på siger over Chelsea.
I morgon håper Liverbirds på siger over Chelsea.
Liverbirds har fast møtestad på Solsiden.
Liverbirds har fast møtestad på Solsiden.
1 av 7
John lever av å selja magasin på gata. Den første gåva var ein varmedress.
Så fekk han billett til kampen.
Ni medlemmar av Liverbirds Os på tur.
Espen og Maria på Anfield.
Espen fekk også møta Sacho og Clyne.
I morgon håper Liverbirds på siger over Chelsea.
Liverbirds har fast møtestad på Solsiden.

I helga var supportarklubben Liverbirds Os til England for å sjå Liverpool og the normal one, Jürgen Klopp, spela ein noko skuffande uavgjort-kamp heime mot Southampton.

Alt anna ved turen var alt anna enn skuffande.

– Å gleda andre på denne måten er utruleg gjevande. Eg trur vi kjem til å hugsa denne opplevinga minst like lenge som John Gibney, seier Espen Engevik.

Gibney er ein fattig mann som jobbar med å selja eit gatemagasin. Nokre av medlemmane i Liverbirds Os, Oddvar Davanger og Trine Haugland, møtte tilfeldigvis på John og gav han nokre pund. Dei blei seinare betre kjent med den sympatiske mannen.

Fekk varmedress først

Det var ni medlemmar av Liverbirds som i helga var på tur, John Børge Fenne, Marta Fauskanger Fenne, Sture Vedvatne, Vaida Damalè, Oddvar Davanger, Trine Haugland, Marius Engevik, Maria Nilsson Jensen og Espen Engevik. Fem av dei var førstegongsreisande.

– Vi reiste med Johan Stormberg i LiverpoolTravel.se. Han har vi reist med før, og Liverpool Travel har ordna klubben vår nokre gunstige billettar, i tillegg til at dei sponsa oss med ein som vi kunne gje vekk.

Oddvar og Trine har hatt kontakt med Gibney mens dei har vore heime i Noreg, og blant anna sendt han supportareffektar som Gibney har sendt rørarnde takkebrev for.

– Vi hadde sjølvsagt avtalt å møta John, og gav han først ein varmedress frå Europris, som han blei veldig glad for. Men han blei endå meir glad etter at vi hadde tatt oss nokre øl saman, og vi serverte neste gåve.

Billett til The Kop

– Stemninga var god, men han ville først ikkje tru oss då vi spurde m han ville likt å sjå kampen med oss, fortel Espen.

Så viste dei han billetten med plass på The Kop.

– Etter mange gledestårer fortalte han at sist han hadde sett kamp var med faren sin for 31 år sidan. Faren hans er no død. John hadde heller aldri vore på The Kop før.

– Vi møtte ein tydelig spent, og veldig rørt John på The Park nokre timar før kampen. Han hadde då med eit stort bilde av Anfield i glas og ramme, som han hadde spart på i eit år, som takk for venskapen vi har fått.

– Sjølve kampen var som vanleg ei fantastisk oppleving, men det var utruleg spesielt å stå med ein mann som hadde drøymt om dette i så mange år.

Vil ha revansje i morgon

Liverbirds Os, som blei stifta i desember i fjor, fekk ein smertefull debut på Solsiden i januar i år.

I morgon håper dei på revansje mot Chelsea.

– Det kan bli ein dobbelsiger i morgon, siger til Liverpool og sparken til Mourinho, seier Espen.

Han fortel at klubben har auka i medlemstalet og no har 50 betalande medlemmar og 100 som er medlem av facebookgruppa.

– Det har blitt eit godt miljø i og rundt klubben, der supportarar av blant anna Manchester United og Tottenham ser kampar med oss, og vi ser kampar med dei.

– Det blir også fleire turar og fleire arrangement, vi skal blant anna ha julebord med loddsal, der det kan vera kampbillettar eller signerte trøyer i premiepotten og der vi vil gje overskotet til eit lokalt veldedig tiltak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.