Lokal | 19. juni 2010

Glei innom Askvik

To av dei tre osingane som hadde meldt seg på Bergen Poker Run klarte å stilla til løpet som i år var innom Askvik og Øyane.

Glei innom Askvik
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. juni 2010 19:37

Bildeserie:

1 av 18

Både Johannes Heidal og Eirik Haugland stilte i Bergen Poker Run i dag, men Anders Arefjord fekk ikkje til den nye motoren sin.

- Han sjøsette i natt og gjorde nokre forsøk på å koma seg utover. Sist eg snakka med han skulle han gjera nokre justeringar, fortel Haugland.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Sjølv fekk han også problem dagen før løpet.

- Den nye motoren svikta på prøveturen så då bar det rett opp igjen i verkstaden for å putta den gamle motoren tilbake i båten.

I 4-tida i natt var han ferdig, i 8-tida i dag sjøsette han på nytt.

Redusert av vind og bølgjer
Løpet, som i år ikkje hadde nokre fartsetappar, gjekk for første gong innaskjers i Os kommune. Etter å ha kryssa Korsfjorden i høg fart gjekk turen under Strønebrua.

Sidan vinden var sterk og bølgjene ganske høge erstatta dei den planlagte ruta rundt Austevoll med pitstop på Vedholmen Landhandel og ein liten sving innom Halhjem før retur til Bergen.

Konkurranse og show
Sjølv om Bergen Poker Run blei meir eit treff ein ei tevling i dag, blir det framleis konkurrert, nenleg i poker. Deltakarane får tildelt kort på ulike stasjonar og har til slutt ei hand å spela poker med.

- Litt hurtigkjøring har det også blitt, ved Askøy og over Korsfjorden. Vi har fått lufta oss godt i dag, seier Jan Terje Lepsøy om seg og sin 100 knop raske Batman Boat V24.

SJÅ VIDEO: I tillegg blir det konkurrert i show, ei oppgåve Lepsøy (Batman) og kartlesar Kjetil Bjørnberg (Robin) såg ut til å ta på alvor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.