Lokal | 24. juni 2016

Glømde gassbind i hunden

Sophia er på betringens veg, men veterinæren som opererte ho for tre år sidan glømde kompress og kirurgiske tråder i hundens mage. Vi åtvarer mot sterke bilder.

Glømde gassbind i hunden
Kjell Arne Høgmo saman med Sophia som er på betringens veg (foto: Vidar Langeland)
Andris Hamrefredag 24. juni 2016 18:10

Bildeserie:

Operasjonen tok omlag to timar (privat foto)
Operasjonen tok omlag to timar (privat foto)
Dyrlegen fann ei 12x12 cm stor cyste med gassbind og operasjonstråd (privat foto)
Dyrlegen fann ei 12x12 cm stor cyste med gassbind og operasjonstråd (privat foto)
Sophia er på betringens veg. Høgmo håper ho blir seg sjølv etter operasjonen (foto: Vidar Langeland)
Sophia er på betringens veg. Høgmo håper ho blir seg sjølv etter operasjonen (foto: Vidar Langeland)
1 av 3
Operasjonen tok omlag to timar (privat foto)
Dyrlegen fann ei 12x12 cm stor cyste med gassbind og operasjonstråd (privat foto)
Sophia er på betringens veg. Høgmo håper ho blir seg sjølv etter operasjonen (foto: Vidar Langeland)

Den europeiske championen Sophia, ein fire år gamal grand danois, har ikkje hatt det godt det siste halvåret.

– Ho har oppført seg merkeleg og vore redd for ting det ikkje har vore grunn til å vera redd for, fortel eigar Kjell Arne Høgmo.

(Hunden er ikkje operert ved Os Dyreklinikk. Red. merk)

Fekk eksperthjelp frå USA

Oppførselen til tispa fekk Høgmo til å kontakta veterinæren.

– Tisper oppfører seg gjerne merkeleg når dei har løpetid og krøker seg sammen, men ho oppførte seg på ein måte som gjorde at vi ville at dyrelegen skulle ta ei titt på ho.

– Ulf Erlandsen hos Dyreklinikken Tertnes gjorde ein kjempejobb og tok dei diffuse sympotoma vi beskreiv på alvor. Eg kan ikkje få rose han nok. Han tok først blodprøver av ho. Dei var fine, men så tok han CT av ho og fann ein stor kul på levera henner.

CT bileta blei send elektronisk til ekspertar i USA, som i løpet av få timer slo fast at det var eit metallisk fremmedlegeme som var der, fortel Høgmo.

Blei operert i to timer

Då Erlandsen opererte Sophia tidlegare denne veka fann han ein 12 x 12 cm stor ball med gassbind og operasjonstråder.

– Det stammer frå ein operasjon Sophia hadde for tre år sidan då ho hadde ei magedreiing og blei operert for det. Det er heilt klart ei veterinærtabbe, slår Høgmo fast.

Den siste operasjonen tok omlag to timer og var avansert. Cysten hadde grodd delvis inn i levera og i magesekken.

– Det var ein svært avansert operasjon kor Erlandsen viste stor grad av presisjon for å ikkje kutte i viktige blodkar. Heldigvis gjekk operasjonen bra, seier Høgmo.

Sophia er framleis hoven i buken, men er ellers i bra form.

Krev erstatning

Høgmo fortel at han i dag har vore i kontakt med advokat.

– Operasjonen kostar omlag 40 000 kroner. Det er mykje penger. Vi vil gjera eit krav mot den førre veterinæren, men har ikkje bestemt oss bestemt oss om vi berre vil kreva forsikringspenga dekka eller om vil òg vil kreva dekning for den feilen som blei gjort for tre år sidan.

Håper Sophia blir seg sjølv lik

Sophia er vel kjend i det europeiske grand danois-miljøet og kåra til europeisk vinnar på utstilling.

– Vi hadde planar om å bruke ho i avl. Det har vi lagt til sides inntil vidare. Vi får sjå det ann. Det viktigaste no er at ho blir seg sjølv lik og ikkje like redd for alt mogleg som ho har vore det siste halve året, avslutter Høgmo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.