Kultur | 26. des. 2020

Gløym reinsdyr - gløym raud frakk

Sjå den staselege nissen som landa på Øvreeide før jul.

Gløym reinsdyr - gløym raud frakk
Vertsskap Tore Øvreeide hjelpte den bunadskledde nissen med sekken.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. des. 2020 10:23

Dei siste åra har flyentusiast Tore Øvreeide arrangert nissetreff for born, så autentiske at nissen kjem luftvegen, dei første åra hos Os Aeroklubb, seinare på eigen gard.

Gjestane har vore ungar frå ulike skular. Denne gong var det Torsdagsgruppa som fekk ta imot nissen.

– Vi møtast på tvers av skulane til ein alternativ skuledag, fortel koordinator Ellen Merete Lyssand.

Når alle er med, vaksne og ungar, tel gruppa 50 personar. I haust har gruppa vore delt opp grunna smittevern, og gjennomført aktivitetar på Øvreeide Gard og i Trivselsstallen i tillegg til eigen kino i Oseana.

Den siste torsdagen før jul blei ekstra stas.

Stor stas med helikopterlanding på garden.
Stor stas med helikopterlanding på garden.

Fekk samtale, historieforteljing og pakke

Årets nisse hadde ikkje berre staseleg, moderne entré, han har ekte skjegg, eit varmt smil og ein fin bunad.

– Øyvind Tøsdal passar godt til denne rolla, eg er glad han ville hjelpa til denne dagen, seier Tore Øvreeide.

Tid for graut.
Tid for graut.

Då nissen hadde kome inn i teltet, og alle ungane hadde roa seg ned, fekk dei møta han éin og éin. Ungane fekk ein samtale og ei pakke før dei saman åt graut.

Leiar for tenesteutvalet i Bjørnafjorden kommune, og tidlegare ordførar i Fusa, Atle Kvåle, stilte òg. Han fortalte om korleis jula var då han var ung, altså på 1950-talet.

Så var det Disney-kavalkade på storskjerm, leik ute på besøksgarden, som har status som Inn-på-tunet-gard, før retur.

Atle Kvåle fortalte om jula på 1950-talet.
Atle Kvåle fortalte om jula på 1950-talet.

Ny funksjon: Dagsenter for vaksne

Øvreeide har hatt både aktivitetar for ungar, familiar og flyinteresserte - og fast avtale med barnevernsinstitusjonar.

Konsertar og festar har det blitt lite av under pandemien.

Nytt det siste året har vore funksjon som dagsenter, der Bjørnafjorden kommune har leigd plass.

– Her har vi grupper med vaksne, 12 personar om gangen, som kjem på frukost, les aviser, går tur, driv med handarbeid, skrur på motorsykkel eller jobbar på treverkstaden. Det har blitt laga spesielt mange krumkakeformer her denne hausten, fortel Tore.

Nissen fekk naturlegvis graut då han kom med pakkar.
Nissen fekk naturlegvis graut då han kom med pakkar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.