Kultur | 29. aug. 2019

Gløym Tinder - her kjem singelkorga!

No kan du sjekka deg gjennom butikken med Extra si singelkorg.

Gløym Tinder - her kjem singelkorga!
Er kjærleiken rundt neste reol? Camilla Bergesen og Øyvind Skogedal i Extra Os med singelkorga. (Foto: Coop.)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 29. aug. 2019 09:20

Har du nokon gong lurt på om han kjekke framfor deg i køen er singel, eller om ho fine i fruktdisken også er på utkikk etter kjærast?

No gjer Extra det enklare å koma i snakk med andre single på handletur, og lanserer singelkorger i alle butikkane sine.

Eit altenativ til appane

I ei pressemelding frå Coop Norge SA seier butikksjef Øyvind Skogedal hos Extra Os at i dagens samfunn er det mange som nyttar seg av sjekkeapper som Tinder og happn for å finne seg kjærast.

– For nokre fungerer dette heilt utmerka, mens andre ønskjer seg tilbake til tida før appane tok over – då ein møtte folk i meir naturlege settingar ,som til dømes på butikken eller ute på byen.

– Difor lanserer Extra nå eigne singelkorger i alle sine butikkar. Singelkorga er ei eige handlekorg som ved hjelp av fargen på handlekorga og eit klistremerke på sida fortel at den handlande er singel.

Sjansen er der

- Nordmenn handlar om lag tre gonger i veka, og matbutikken er blitt en naturleg møteplass i kvardagen. Extra har over 2,5 millionar kundar i veka på landsbasis, og ein møter på alle typer menneske. Sjansen er difor absolutt til stades for å finna sin framtidige kjærest mens ein er på handletur, seier Skogedal.

Det var ein kronikk på NRK Ytring av Lise Røsvik som fekk Coops lavpriskjede til å tenna på ideen om å lansera singelkorg. Røsvik etterlyste fleire ekte møte mellom ekte menneske, og skriev at når ein er i butikken kjem personligheita vår fram.

– Kronikken spreidde seg raskt i sosiale media, og Extra vart kontakta av kundar som oppfordra oss til å koma med ei eiga singelkorg. Vi er eigd av kundane våre, og byrja difor straks å undersøka moglegheita for å lansera singelkorga. I Danmark har dei hatt slike korger lenge, og det er fleire som har møtt sin eller si utkåra over frukt- eller middagsdisken. Nå håper vi at singelkorga kan senka terskelen for å koma i snakk med andre når ein er på handel hos Extra Os, avsluttar Skogedal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.