Gløymde nøklane i bilen under flyttinga – vakna til tomt tun
Bilen til Vilde Dahl Nybø forsvann frå Nordstrøno mellom søndag kveld og måndag morgon. No håper ho at folk på Os held auga opne.


– Eg har leita etter bilen min i heile dag, fortel Nybø til Midtsiden.
Når vi snakkar med Nybø, køyrer ho rundt i bygda og leiter etter bilen sin.
Den mørkegrå Mitsubishi Colten forsvann natt til måndag.
Nybø forklarer at tjuveriet skjedde i eit uoppmerksamt augeblikk midt i flyttekaoset.
– Eg kom heim i går klokka 22, parkerte og skulle ta inn mange ting etter å ha akkurat flytta frå Lyssand til Nordstrøno. Eg blei distrahert og gløymde å ta med nøklane inn, seier ho.
Mellom klokka 22 søndag og 07 måndag har nokon vore og tatt bilen.
Ingen elektroniske spor
Bilen, som har kjenneteikn SD 41179, bulkar i hjulskjermane framme og ein del rosa pynt innvendig, har så langt ikkje dukka opp i nokre overvakingssystem.
– Eg har sjekka passeringar. Bilen er ikkje registrert i bomringen eller på parkeringsplassar med automatisk registrering. Men det er ikkje 100 prosent garantert, så vi håper den befinner seg på Os, seier bileigaren.

Ho fortel at ho ikkje har fått nokre tips endå, og trur heller ikkje at det er nokon som har tatt bilen på fleip.
– Eg har mykje gode folk rundt meg, så eg trur ikkje det er nokon eg kjenner.
Nybø har verken sett eller høyrd noko om andre tjuveri spesifikt i området på Nordstrøno den siste tida.
Gitt beskjed til politiet
Ho har no gitt beskjed til politiet om tjuveriet, og innrømmer at det var ein tøff start på dagen.
– Det var litt sjokk å ikkje finne bilen sin i dag tidleg, seier ho.
I tillegg til at sjølve køyretøyet er vekke, gjer det situasjonen ekstra sur at det låg verdisaker inni.
– Det er litt kjipt. Samtidig fungerer ikkje bilen heilt som den skal, så det er typisk at dei tar akkurat den, seier ho.
Nybø pleier til vanleg å vere nøye med å passe på nøklar og låse.
– Eg har vore flink til å ta inn nøklar og passe på at alt er låst, men i går blei eg distrahert. Ikkje at eg tenkte nokon ville stikke av med bilen, avslutter ho.