Sport | 18. apr. 2016

God avslutning på Bringserien

J16-laget til Os Turn avslutta den nasjonale Bring-serien med to sigrar og to tap. – Det har vore ei eventyrleg helg, kor vi berre var eitt mål unna å ta poeng frå tabell-toaren, seier Gitte Torp.

God avslutning på Bringserien
Liv Pauline Lunde blei toppskårar med ni mål både mot Njård og Charlottenlund (privat foto)
Andris Hamremandag 18. apr. 2016 09:01

Handballjentene til Os Turn var i helga i Bjørnholthallen i Oslo for å spele siste ordinære runde i den nasjonale Bring-serien i handball.

– Det blei eit eventyr. Det er berre så synd at vi fekk så kort tid mellom dei to kampane søndag. Vi rakk aldri å restituera og gjekk tomme, fortel trenar Gitte Torp.

Fantastisk laurdag

Totalt spelte Os-jentene fire kamper i løpet av helga, to på laurdag og to på søndag.

Første motstandar var Njård, som før kampen mot Os hadde ei forhåpning om å ta seg til sluttspelet som topp-tre i pulja, men Os-jentene ville det annerleis.

– Vi speler ein kjempegod kamp og vinn 26-24. Vi har øvd inn fleire nye system som sit som dei skal når jentene er nøyaktige. Desse systema passer oss veldig godt og involverar heile laget frå ving til ving.

– Midtbacken vår Liv Pauline Lunde gjer ein fantastisk kamp og blir toppskårar med ni mål, men også dei andre jentene bidrar så det monnar. Det var ein gøy kamp kor vi skårar mykje og ein god start på helga, fortel Torp.

Liv herja vidare

I den neste kampen laurdag var det topp-laget Hundvåg som sto på motsatt banehalvdel.

– Den kampen starta vi forrykande. Eg trur vi skårar to mål det første minuttet og er oppe i både 4-1 og 6-2. Vi tok rett og slett Hundvåg på senga. Det gjekk ikkje lang tid før dei såg seg nøydde til å ta time-out for å få rista av seg sjokket.

Etter timeouten jamnar kampen seg ut og laga går til pause på stillinga 16-16.

– Andre omgangen blir like jamn, vi heldt godt følge. Hundvåg rykkar litt frå og leiar vel med tre når det står att ein seks, sju minutt, men jentene vil ikkje gje seg. Dei står opp og klarer nesten å snyta Hundvåg for eitt poeng. Til slutt taper vi diverre 29-30.

– Igjen er Liv strålande som midtback. Ho har hatt ei kjempeutvikling denne sesongen og trenar godt og mykje. Mellomanna har ho blitt med motbakke-gjengen for å trena intervaller. Som mot Njård blir ho toppskårar med ni mål.

– Dei to kampane på laurdag gav meg gåsehud. Eg har aldri sett jentene så gode nokon gang, skryt trenaren.

Blei jamnare enn ønska

Søndagens første kamp gjekk mot tabell-jumbo Svolvær, som sto utan poeng før møtet med Os. Det gjorde dei etter kampen òg, men oppgjeret blei tettare enn Os hadde håpa.

– Vi merker nok dei to kampane laurdag litt allereie i den første kampen søndag. Eg og Trond Budal som var på benken hadde håpa at vi skulle klare å rykke frå tidleg, men dei hang på. Vi klarte aldri å få has på skyttarane deira i denne kampen.

Til pause står det 13-13, men Os dreg etterkvart frå og vinn 24-21.

– Jentene jobber iherdig og gjer det vi avtaler. Vi får eit lite forsprang tidleg i omgangen, så eg er aldri redd for at vi skal tape, men det blir ein slitekamp og vi får ikkje kvilt spelarane slik vi ønskte.

Toppskårar blir Thiel Dang med sju mål.

Gjekk tomme

Den siste kampen, mot Charlottenlund, gjekk berre to timar etter at den førre var ferdig.

– Eg såg det med alle laga som fekk så kort pause, dei tapte siste kampen. Motstandaren hadde spelt klokka 10, mens vi gjekk på parketten klokka 13. Dei timane der betydde mykje.

– Vi hadde forhåpningar om at vi skulle klare å ta Charlottenlund, men vi blei veldig sliten. Kampen taper vi i forsvar. Tunge bein gjer at vi ikkje klarar å kome ut i skyttarane deira og dei får prikke inn det eine langskotet etter det andre.

– Når ein ikkje klarer å få satt forsvaret, så forplantar det seg framover på banen òg. Vi finn aldri rytmen og alt blir litt halvvegs utover i andre omgangen. Det held ikkje når ein speler Bring.

Os låg under 14-18 til pause og tapte til slutt 20-33.

– Det er litt synd at det blei den avslutninga, men resten av helga var veldig, veldig bra. Vi skal ta med oss dei gode minnene frå laurdagen, spesielt Hundvåg-kampen og byggje vidare på det. Jentene har hatt ei utruleg bra utvikling denne sesongen. Deltakinga i Bring-serien har nok motivert mange til å legga litt ekstra ned i trening og innsats, oppsummerar Gitte Torp.

Toppskårar mot Charlottenlunde blei Mia Torp Nilsen med fem mål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.