Lokal | 30. aug. 2011

God forklaring på dårlege karakterar

LESARINNLEGG, Marie Lunde Bruarøy (H): Høgre liker karakterar, men dei må vera reelle!

God forklaring på dårlege karakterar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. aug. 2011 09:39

>> Midtsiden samleside; les alle lesarinnlegga her

I den siste tida, har eg registrert frå fleire parti, ein hyppig referanse til nokre karakterar Dagbladet har brukt for å vurdere Os kommune sine tenester. Desse karakterane er basert på kun små delar av tenestene våre, og gjev eit ukorrekt bilete på korleis ståa faktisk er. Dette er til stor frustrasjon både for oss i politisk leiing og administrasjonen i kommunen som gjer ein god jobb både i tenester og økonomistyring.

Rykande ferske tal frå "Kommunebarometeret" basert på "Kostra"-tal som alle kommunar i landet rapporterer i, viser eit heilt anna bilete enn Dagbladet sitt. Totalt sett hamnar vi på 143. plass av 429 totalt!

I Kostra blir vi målt i karakterane 1-6 (der 6 er best), og totalt sett får vi ein samla karakter på 5!

På økonomi får vi karakteren 5, trass mykje kritikk frå opposisjonen om dårleg økonomistyring. Under brukerperspektiv haustar vi karakteren 6, og på administrasjon - karakter 5.

Rett nok får vi berre karakteren 3 på grunnskule, og 4 på pleie og omsorg. Det er likevel eit heilt anna bilete, eit realistisk og korrekt bilete på korleis våre tenester er, enn det bildet opposisjonen prøver å framstilla.

Som Midtsiden skreiv etter at Dagbladet hadde delt ut terningkast har dette ei forklaring mange "gløymer" å ta med:

I KOSTRA-rapporten er det berre dei 55 plassane i Os sjukeheim som tel, ikkje dei 80 på Luranetunet. Plassane på Luranetunet blir definert som omsorgsbustadar, ikkje sjukeheimsplassar.

Plassane er like i helsetilbod, og dei på Luranetunet i snitt betre i kvalitet på bustandard.

At Os er effektive på drift, både når det kjem til eldre og skule, gjer at KOSTRA-rapporten viser at vi bruker lite pengar på desse områda, noko som gjev utslag på børsen til Dagbladet, utan at det nødvendigvis fortel noko om kvaliteten vi leverer.

Det er på desse områda målet er at vi skal bli betre; grunnskule og pleie og omsorg. Det er nettopp difor Høgre går til val på kvalitetsheving i desse tenestene. Vi er stolte av å ha ein dyktig organisasjon i alle ledd som gjer ein formidabel innsats trass nedskjæringer og tronge rammer.

I staden for å koma med ein masse urealistiske lovnader i valkampen, skal Høgre fortsatt jobbe intenst med å få mest mogleg ut av kvar krone ved tett oppfølgjing av rekneskapsrapportar, og fortsatt god, eller Meget god økonomistyring.

Marie E. L. Bruarøy
Ordførarkandidat, Os Høgre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.