Lokal | 27. apr. 2012

God jakt ved eige reir

Politiet i Os sløste ikkje med bensinen då dei hadde trafikkontroll fredag ettermiddag.

God jakt ved eige reir
Politiet hadde kontroll i eige nabolag i kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. apr. 2012 20:13

Ørna jaktar kanskje ikkje nærmast reiret, men det gjorde politiet i Os i dag.

Rett utanfor kontordøra i Irisgården rigga dei seg til med post som sjekka bilane frå Hatvik. Kollegaene sto i krysset inn til nordre del av Hamnevegen for å taua inn dei somkjørte utan bilbelte eller brukte mobiltelefon på ulovleg vis.

– Vi stoppa til saman 11 bilistar, fortel politibetjent Kenneth Rastad.

8 av dei var grunna manglande bilbelte. Dei fekk gebyr på 1500 kroner.

3 av dei var grunna ulovleg bruk av mobil. Dei fekk forelegg på 1300 kroner.

– Vi har også vore på Halhjemsvegen i dag. Der kontrollerte vi 53 bilistar, éin av dei hadde gløymt førarkortet og fekk gebyr, seier Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.