Kultur | 18. juli 2012

God kammerstart

Sundag blir det Grieg i Griegsamlinga når MusicaNord set opp den fjerde konserten i sommar. - Det har starta bra, seier arrangøren.

God kammerstart
Tor Erik Seim Pettersen og Michael Süssmann spelar Greig i Griegsamlinga sundag (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 18. juli 2012 14:17

Oseana har satsa tungt i sommar på å trekke til seg publikum også i den litt rolegare delen av sesongen. Nyvinningane KammerScena og UteScena skal bidra til dette.

Torsdag blir utescene teken i bruk på alvor når Viggo Sandvik og Gøran Fristorp startar noregsturneen på Os.

Sundag blir det sesongens fjerde kammerkonsert i Griegsamlinga i regi av MusicaNord.

- Vi er rimeleg nøgd med besøket så langt, fortel informasjonsansvarleg Kristin Svarstad.

Er i ein oppstart

Sålangt har dei tre konsertane trekt brukbart med tilskodarar.

- Vi var jo litt spente på førehand om det ville koma folk, og det har det.

- Sjølvsagt kunne vi ønska oss fleire, men det er første sesongen og osingane treng gjerne litt tid til å venna seg til tilbodet.

- Difor håpar vi at vi kan nytta denne sommaren til å etablera tilbodet og at vi kan ta det vidare neste sommar, seier Svarstad.

Nokre som har satt pris på tilbodet er dei to hotella i bygda.

- Eg har inntrykk av at dei sett pris på å kunne tilby desse konsertane til gjestane sine.

Grieg-satelitt

Sundagens konsert er med MusicaNord sin kunstneriske leiar, fiolinist Michael Süssmann og Tor Erik Seim Pettersen på piano.

- Dei kjem til å framføra eit knippe meisterverk, mellomanna den ungdommeleg sonaten i F-dur av Grieg.

I tillegg står Johan Sverdrup sin udødlege romanse i G-dur og Fritz Kreislers elegante og virtouse preludium og Allegro på programmet.

- Avslutninga kjem det til å svinga av når dei spelar Sergej Prokofiev sin 2. sonate.

- Det er eit høgst pikant verk som grensar til både jazz og rock, forklarar Svarstad.

Konserten i Oseana er ein satelitt-konsert av sommarens "Grieg in Bergen".

Markerar datoen

22. juli står som ein merkedag i norsk historie. Konserten vil bli innleia med ei lita markering ved at dei to artistane speler Ole Bull sin I Ensomme Stunde.

Også i Os kyrkja vil datoen bli markert i samband med gudstenesta klokka 11 ved at tolv år gamle Sofie Kolve Haukås speler to stykker på trompet: Share my yoke (Del mi byrde) og Vitae Lux (Livets lys).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.