Skyting | 31. juli 2022

God noregscup på veg til LS

Osingane har skote seg oppover til LS i Bodø.

God noregscup på veg til LS
Amalie Evensen, her i LS 2019. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 31. juli 2022 11:23

I går starta Landsskyterstemna i Bodø.

På veg nordover har fleire av ungdomane frå Os deltatt på ulike stemne, og fleire av dei vaksne har skote noregscup.

Heine K. Nagel er blant deltakarane frå Os Skyttarlag. (Foto: Privat)
Les ògHeine blir første 10-åring frå Os som deltar på Landsskytterstemna

Årets noregscup består av ni rundar, der tre rundar blei skotne i og rundt Førde i vår, og tre rundar har gått på veg nord mot Bodø.

Seinare, når alle dei ni rundane er over, blir dei svakaste sletta før resultatlista er ferdig.

I klasse 3-5 er det 505 deltakarar til no, 115 av desse har deltatt i alle dei 6 første NC-rundane.

Frå Os Skyttarlag har Amalie Evensen og Arild Røyseth gjort det ekstra bra.

Amalie skaut 338 og sterke 347 og 348 tidlegare i år, og klarte 344, 346 og 344 på veg til LS.

Dermed er ho a-poeng med 22. plass til no.

Arild skaut 346, 339 og 335 tidlegare i sesongen, og 340, 343 og 343 i NC-rundane på veg til Bodø.

Daniel Sørli frå Urskot leiar noregscupen med 2.087 poeng, mens Amalie og Arild har til saman 2.067 og 2.046 poeng før dei tre siste NC-rundane, og tilhøyrande stryking av dei dårlegaste resultata.

Geir-Wiggo Dale har berre skote dei tre siste. Der fekk han 341, 340 og 336, godt nok til førebels 171. plass, men der topp 136 har skote éin eller fleire rundar meir.

Klasse 3 og 4

Ørjan Ure frå Os gjekk glipp av dei tre første i klasse 3, men har skote dei tre siste.

Der han fekk 316, 329 og 312, og ligg på 24. plass av 69 utøvarar, der topp 8 har skote fleire stemne enn han.

Ragnhild Eide Ure har også berre skote dei tre siste, og klarte 329, 334 og 335.

I same klasse har Jan Kristian Evensen også skote dei tre siste, det enda med 332, 325 og 333.

Os Skyttarlag stiller med 17 deltakarar i årets LS.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.