Etter at Søre Neset Ungdomslag hadde kuppa familiekonserten med flashmob, var den endeleg tid for Olav Skorpen, Jens Erik Aasmundseth og Eirik Søfteland til å innta scenen. Dei tre karane som til vanleg speler saman i Undercover opna med «Månemannen» før det blei «Grevling i taket».
– No er vi i gang og klare til i kveld, fortalde William Lindborg, medarrangør frå Os sentrumsforening.
– Det er eit par ting som det kan vera greitt for folk å vita. Inngangen til festivalområdet blir i år på hjørnet av Havnechefen mot torget.
– Det blir to skjenkeområder. Desse kan ein gå fritt mellom, men ein har ikkje lov til å ta med seg drikke frå det eine området til det andre. Havnechefen har førebudd street food som dei kjem til å selgje på begge områda, så folk treng altså ikkje å gå inn på havnechefen for å få seg ein matbit.
– Vi har også leigd inn godt med toaletter i tillegg til dei som er på Havnechefen og på Catten, seier Lindborg.
Programmet
Dørene til torgfesten opner klokka 17, før første band går på klokka 18.
– Det er all grunn til å vera tidleg ute. Vi har seld rundt 300 billettar på førehand, så her kjem det garantert til å bli liv. Billetter kan ein kjøpe på nettet eller i døra når ein kjem, avsluttar Lindborg.
Desse speler på torgfesten:
• Vivillain
• ORBO
• The Untouchabl(u)es
• Gina Aspenes og Undercover