God på nett
Her er dei beste og dårlegaste kommunale nettstadane i Noreg.


Os kommune, som skal lansera nye heimesider før påske 2010, har allereie blant dei beste kommunale nettsidene i fylket.
Årets offentlege nettstader blei kåra under Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sin årlege konferanse Kvalitet på nett, kor vurderinga av om lag 700 offentlege nettstader blei presentert.
– Kvalitetsvurderinga er ein vesentleg del av Difi sitt arbeid for betre kvalitet og tilgjengelegheit på offentlege nettstader. Vi er svært nøgde med utviklinga dei seinare åra. Nærare 200 nettstader får i år toppresultata 5 eller 6 stjerner, mot om lag 100 i 2008 og 44 i 2007, seier Hans Christian Holte, direktør i Difi.
Prisane blei delt ut av statssekretær Inger-Anne Ravlum i Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Målet med prisane er å løfte fram nettstader som bidreg til eit meir tilgjengeleg og brukarretta offentleg informasjons- og tenestetilbod. Gjennom kåringa ønskjer Difi å fange opp nyskapande initiativ som kan utfordre andre offentlege nettstader i deira nettstadsutvikling.
Os på 7. plass i Hordaland
I Hordaland hamna Radøy kommune på 1. plass. På plassane bak finn vi Fjell, Eidfjord og Bergen.
Os hamnar på 7. plass og skårar best på tilgjengelegheit, dårlegast på nyttig innhald.
På botn i Hordaland finn vi Etne kommune, som også får dårlegast karakter på landsbasis.
Vurderinga av alle nettstadane er tilgjengeleg på Noreg.no.
Der kan du sjå rangeringa etter t.d. fylke, resultat eller type verksemd.
Årets kommunale nettstad 2009
Nominerte til prisen: Porsgrunn kommune, Sørum kommune og Tromsø kommune,
Vinnaren av årets kommunale nettstad er Tromsø kommune.
Juryen si grunngjeving:
Årets vinnar har forbetra seg sidan i fjor og har auka frå 4 til 6 stjerner. Kommunen har ei framside med god balanse mellom nyhende, tenestetilbod og aktuelle saker, som til dømes svineinfluensa. Gjennom tenester som GataMi, inviterar nettstaden til brukarinvolvering med innbyggjarane og gir innsyn i saker som blir innmeldt. GataMi kunne ha vore betre integrert i nettstaden, og kommunen må gjerne vurdere å ta i bruk Los som Tenestestruktur. Juryen meinar at vinnaren har eit ryddig og svært tiltalande design som gjer at nettstaden framstår som attraktiv for brukarane.