Natteravnene i Telthuskvartalet i 2011. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Natteravnene i Telthuskvartalet i 2011. (Arkivfoto: Andris Hamre)

God respons på Natteravn-comeback

– Held dette fram så er vi fort oppe i 15 vaktlag.

Kjetil Vasby Bruarøy
27. oktober 2020 - 11:57

Bjørnafjorden kommune har saman med engasjerte frivillige, via kommunen si Facebook-side, invitert til stiftingmøte for Natteravnene førstkomande torsdag.

Ein av dei frivillige som har engasjert seg er lokalpolitiker og tidlegare Natteravnene-styremedlem Tore Kleppe.

– Det har vore planen ei stund, men sidan det tidlegare har vore så lett å skaffa frivillige til dette, ville vi venta til Ung Arena hadde mange nok, så ikkje det blei konkurranse om dei frivillige. No drar vi i gang likevel, seier Kleppe.

Å gå Natteravn krev normalt 1-2 kveldar i året, om det er mange nok vaktlag.

– Om det er nokon som melder seg for 4-5 helger i året, eller meir, tenker eg at dei kan melda seg til Ung Arena, så vi får fart på utvidinga av opningstidene der òg. Eg har sjølv meldt meg, og bedt om politiattest, men på to veker har det ikkje kome svar.

For dei i ungdomsskulealder har nye Ung Arena ope berre 2,5 timar i veka, frå 14.00 til 16.30 kvar onsdag.

Dei jobbar framleis med å få mange nok frivillige til å utvida opningstida, der fredag kveld står høgt på ønskjelista.

40 på lista og stort engasjement i idrettslaga

– Eg har allereie 8 vaktlag på lista, med 5-6 personar i kvart vaktlag. Målet er å få 15 på plass ganske raskt, og det ser ut som om vi har fått veldig god drahjelp.

Idrettslag har nemleg både meldt seg og starta ein stafett.

– Det byrja med Os handball, som sendte vidare til fotballgruppa, som igjen utfordra Nore Neset il.

Stafetten gjekk vidare til Os Karateklubb, og held truleg fram.

– I tillegg har vi allereie fem som har meldt seg til å sitja i styret. Kjem det fleire på torsdag så kan vi få eit stort og godt styre.

– Det har vore nemt at Natteravnene òg bør vera aktive på Nore Neset. Det blir opp til komande styre å avgjera kvar og kor tid dei vil vera på vakt, men eg tenker det er bra om dei dukkar opp i fleire krinsar frå tid til annan.

Tore Kleppe, her i møte i tenesteutvalet i september. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tore Kleppe, her i møte i tenesteutvalet i september. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Korleis var førre periode med Natteravnene i Os?

Kleppe gjekk Natteravn i Os frå slutten av 1990-talet til det etterkvart tok slutt.

– Korleis opplevde du det å vera Natteravn?

– For det første var det veldig sosialt å gå saman med andre vaksne. Sånn blir det nok no òg, med engasjerte frå fleire idrettslag som får ein kveld saman utan at det er cup eller kamp.

–  For det andre var det veldig kjekt å møta ungdomen! Natteravnene skal ikkje blanda seg i det folk held på med, eller overvaka ungdomen, vi skal spasera diskret forbi.

– Men ofte blir dei glade når dei ser oss, og roper oss bort for å slå av ein prat. Kanskje er det ein tidlegare lærar eller fotballtrenar blant Natteravnene.

Natteravnene har teieplikt. Det dei observerer på vakt skal ikkje danna grunnlag for sladder. Men om dei blir vitne til lovbrot så melder dei sjølvsagt ifrå til politiet.

«Natteravnene® er en politisk og religiøs nøytral organisasjon som arbeider for å gjøre bysentrum og nærmiljø til trygge steder å være for alle (...) Natteravnenes visjon er at voksnes synlige tilstedeværelse virker dempende på rus-, vold- og skadeverksproblematikk.» skriv Natteravnene på si heimeside.

– Kva episodar frå førre Natteravn-periode i Os fekk deg i til å føla at «det var bra vi var her»?

– Det hendte at vi kom over rusa ungdom som hadde sovna utandørs, i den kalde årstida, og det hendte at det var tillaup til slåstkamp, men at dei gav seg då vi kom vandrande. 

– Kva var det som gjorde at det blei slutt på ordninga?

– Åra frå 2013 til 2015 møtte vi nesten ingen ungdomar då vi var ute og gjekk, anten vi var på vakt frå klokka 21 til 23 eller frå 23 til 03 om natta. Fleire syntest dei gjekk til inga nytte, interessa for å vera på vakt ebba ut og vi gav oss vel i starten på 2015.

Etter dette var dei aktive berre på enkelte arrangement eller samlingar, som 10. klasse si uformelle avslutting i Ervikane, fram til 2018.

– Kva kostar det å driva ei Natteravn-ordning?

– Nesten ingenting. Det vi brukte pengar på sist var porto ved utsending av vaktlister, og noko kaffi til dei som var på vakt. Peppes var fast sponsor av pizza til vaktlaget.  

– Det sto 7 kroner på konto då eg kom inn i styret, men så kom det 25.000 frå formannskapet, og det står rundt 40.000 kroner på konto til dei som no overtar. Vestar og medisinskrin kjem frå Natteravnene sentralt, sponsa av Tryg.

To helger på rad med rusa ungdom 

Utløysande faktor for at Natteravn-prosjektet no blei sparka i gang var at det har vore nokre meldingar om rusa ungdom ved Os ungdomsskule sin Os Aktiv, der Ung Arena held til - eller i nærleiken.

I helga som var måtte ei mor henta ein full 13-åring. Midtsiden var oppom skuleplassen søndag morgon og fann fire cider og ein redbull.

– Os Aktiv har blitt ein naturleg samlingsplass for ungdom på kveldstid. Det er alvorleg om 13-åringar rusar seg, men vi veit ikkje kor mange dette gjeld, og eg trur vi skal vera varsame med å teikna eit negativt bilde av dagens ungdom, seier Kleppe.

Os Aktiv søndag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os Aktiv søndag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Helga før blei ein gjeng, der yngste var 13 år, tatt på fersken mens dei røykte hasj i ei fiskeskur nær Os Aktiv.

– At det er litt fleire rusmidlar ungdom kan bli utsette for i dag er meir alvorleg. Natteravnar og utvida opningstid på Ung Arena kan både forebygga og vera ein tryggleik for både ungdom og foreldre, seier Tore Kleppe.

 

 

 

Les meir om

Lokal Helse Politi Kultur