Aqua Nor hadde gjestar frå 71 nasjonar. Fleire av dei var innom Aquality frå Os sin stand. (Foto: Aquality)
Aqua Nor hadde gjestar frå 71 nasjonar. Fleire av dei var innom Aquality frå Os sin stand. (Foto: Aquality)

God respons under rekordstor oppdrettsmesse

Aqua Nor i Trondheim, som med 27.110 besøkande sette ny rekord, hadde fleire utstillarar frå Os.

Kjetil Vasby Bruarøy
21. august 2017 - 14:32

Aquality, Marine Construction, Nor-Mær, SalmoBreed (Benchmark) og Samba AS var blant 600 utstillarar då verdas største messe for akvakultur-teknologi, Aqua Nor, opna dørene tysdag i førre veke.

– Vi har vore på messa før, men var utstillarar for første gong, fortel Emil Tetlie Brimsholm frå Samba AS.

Arbeidsbåtreieriet, som dei siste åra har utvida flåten med fleire båtar og meir utstyr, stilte ut med både båten Fox Challanger i hamna og på stand med Aquality i ein av messehallane. Dei hadde med seg eit mannskap på i alt 7 mann.

– For det første ville visa oss utanfor Vestlandet, for det andre har vi ei ny boremaskin vi ville visa, Fox Driller, som kan bora og festa boltar til forankring 500 meter under havflata.

– Besøket blei veldig bra, både av eksisterande kundar og av firma som kanskje blir kunde av oss om kort tid.

Der reinsefisken skal halda seg i skjul

Aquality (tidlegare Aqua Circle) har utspring i ein idé av Jonny Møgster som handla om meir effektiv fôring av leppefisk. Produktutvalet er no utvida med fleire fôringssystem og eit større utval av produkt innan «reinsefisk-velvære».

– Vi hadde med oss ein demoversjon av fôringsanlegget og vi fekk vist vårt nyaste produkt, skjul for reinsefisk, fortel dagleg leiar Tor Espen Skoglund.

– Mest merksemd fekk vi for skjulvaskaren vår. Den hadde vi utstilt både i messehallen og om bord på Samba sin Fox Challanger nede i hamna.

Skoglund har no 8-10 tilbod å senda ut til nye kontaktar selskapet fekk i Trondheim.

– Vi er òg forhandlar for lufttrykkslangar frå Proflex, slangar vi sjølv bruker ein del av, men som òg blir brukt til blant anna transport av levande og død fisk. Der leverer vi kvalitet til konkurransedyktige prisar, og har kundar over heile landet, også ein del heilt nord.

Aqua Nor 2017 gjekk over fire dagar og hadde rekordmange 27.110 gjestar frå 71 nasjonar.

Les meir om

Næringsliv Industri