Næringsliv | 16. juli 2012

God start for Bilglass Bergen

Avdelinga på Os opna i dag og Are Salomonsen har allereie fylt opp med ordrar.

God start for Bilglass Bergen
Are Salomonsen framfor verkstaden på AMFI Os på opningsdagen i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 16. juli 2012 20:50

– Dette var oppløftande! Eg har vore med på å opna nokre avdelingar, men dette er nok den beste starten vi har hatt, og det midt i ferien.

Are Salomonsen eig Bilglass Bergen AS saman med Bjarte Skarstrup. I dag var Are, som har som mål å bli osing, på plass i den nye avdelinga i AMFI Os.

– Vi har hatt ein god del folk innom og no er det allereie sju bilglas som skal reparerast eller skiftast, seier Are i det kunde nummer åtte kjem inn døra.

– Eg fekk ein skade i ruta for 1,5 veke sidan, men eg visste de skulle opna her på Os så eg venta til i dag, seier Knut Unneland.

Reparasjon av steinsprutskade og skifte av frontrute er mest vanlege oppdrag for Bilglass Bergen.

"Gratis" reparasjon

– Dei som har kasko eller delkasko slepp å skifta rute, slepp å betala reparasjonen om dei fiksar steinsprutskaden før ruta må skiftast. Skal den skiftast er det gjerne ein eigenandel, avhengig av kva forsikringstype du har, forklarer Salomonsen.

– Vi har også gratis lånebil til dei som har bil inne hos oss, så folk ikkje blir ståande fast dei timane dei er utan eigen bil.

Jaktar på tilleggshall

– Ei frontrute på ein buss kostar gjerne over 100.000 kroner å skifta.

– Og vi tar større ruter òg. Vi er allerie i dialog med ein huseigar i Os om å disponera ein hall for reparasjon og skifte av ruter i bubil, lastebil og buss.

– Det blir i tillegg til lokalet her i Europris-bygget. Dette held vi på, det er nok ein fordel å ligga sånn til, så lett synleg frå vegen.

Are blir ikkje åleine om å driva avdelinga på Os.

– Eg har allereie tilsett ein nevenyttig osing, så eg kan bidra både i Godvik og her på Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.