Næringsliv | 14. jan. 2018

God start for nytt bilsenter

Os Bilsenter har selt 10 bilar på éin månad - før dei har fått butikklokale.

God start for nytt bilsenter
Daniel Grape har fotorom i garasjen og utstilling heime på tunet, men ser etter eigna lokale for butikken, som no er godt i gang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. jan. 2018 08:44

I slutten av november blei Os Bilsenter AS etablert, i midten av desember kom butikken i gang.

– Vi har sett etter lokale i fleire månadar, og var i forhandlingar på eit bra lokale i Os sentrum, men fann ut at det var berre til å gå i gang parallelt med jakta etter ein stad å ha butikken. Primært er vi på jakt etter å kjøpa eit lokale, seier Daniel Grape.

Grape har selt bilar i fleire år, og var tilsett hos MB Auto før han bestemte seg for å starta sitt eige firma. Med seg som investor har han ein annan tilflytta osing, ein som i 2017 selte bruktbåtar for over 150 millionar kroner; Ståle Daae Børnes frå Bergen Marinesenter.

– Ståle skal framleis halda på med sitt, men er ein god støttespelar, seier Daniel.

Sel unna med bilar frå bustaden på Halhjem

– Sjølv om desember ikkje er ein månad det er typisk å kjøpa bil i, har vi fått ein god start, fortel Daniel.

Han har rigga seg til med fotorom i garasjen og har 5-6 bilar utstilte heime på tunet.

Mens Midtsiden var på besøk kom ein interessent frå Åsane for å prøvekøyra ein Nissan Leaf. Rett etter at vi gjekk frå staden bestemte mannen seg for å kjøpa bilen.

– Det blei sal nummer ti sidan start, seier Daniel nøgd.

Test, garanti og omdømme

Os Bilsenter, som held fram med å leita etter eigna lokale langs hovudveg eller sentralt i Os, sel brukte bilar dei eig sjølv eller sel for andre.

– No i starten har vi kjøpt inn 2-3 bilar, men vi har per no 14 bilar for sal på nett og kan skaffa kva som helst. Ein av dei første kundane er ein frå Alta, elles har vi selt ein del til bergensarar.

Grape seier han er spesielt opptatt av éin ting når han sel bruktbil.

– Det gjeld å vera imøtekomande og hjelpsam også etter at du har selt bilen. Folk skal føla at dei har gjort ein god handel, at dei vil kjøpa bil hos deg også neste gong dei skal skifta bil.

For å bli kjent med bilane han sel, og for å kunna yta god service før og etter sal, bruker han lokale verkstadar i Os, som Carfix Os og Os Lakk og Karosseri.

– Vi håper å selja 100 til 150 bilar i året, og å skapa litt ringverknadar i lokalmarknaden, seier Daniel Grape frå Os Bilsenter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.