Kultur | 31. aug. 2019

God start på konserthausten

Baronessen har problem med å finna ledige helger til band som vil spela i Os.

God start på konserthausten
Kurt Røttingen Band spelte for fullt hus på Baronessen førre helg. I dag skal Tord Søfteland på scenen. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 31. aug. 2019 08:27

Laurdag hadde Baronessen sin første av ei rekkje planlagde konsertar denne hausten.

– Kurt Røttingen Band spelte for fullt hus, og folk koste seg. Det var ein veldig vellykka sesongstart, seier Bjarte Andersen.

Utestaden som opna i november i fjor fekk eit godt første halvår, og satsar vidare mot det vaksne publikummet.

God scene

– Vi har hatt god oppslutnad når vi har hatt livemusikk, og banda har trivst hos oss. Dei liker lokalet, publikummet og det at vi har scene.

– Sånn det er no så har vi problem med å finna ledig helg til dei som vil spela hos oss. Ein del konsertar er lagt ut, fleire andre er booka og i ferd med å bli avtalt.

Fire lokale rundar før Rolling Clones

Neste kveld med levande musikk er allereie i dag. Den rutinerte musikaren Tord Søfteland frå Os, blant anna kjent frå Untoucheblues, står på scenen.

Lokalt blir det òg dei to neste helgene, først med Blue Note Shuffle, som gjorde comeback i vår, så med Jans (Jan Haaland) Rock'n Roll Band.

Om tre veker er det klart for det populære tributebandet «The Rolling Clones». Bandet spelte både under Osøren Blues & Jazzfestival og for Osfest på Nore Neset, og står på scenen på Baronessen 20. september.

Bandet består av Bård Ose (vokal/munnspel), Mads Eriksen (gitar), Odd Harald Hundvin (gitar/vokal), Eirik Hundvin (bass/vokal) og Erik Bergesen (trommer).

Attraktive humorshow

– Seinare i haust har vi blant anna intimkonsert med Matti Røssland, men det skal òg bli humor, lover Bjarte.

Han nemner standup med Kevin Kildal og humorshowet To vitse menn.

– Jan Helge Corneliussen og Thomas Helgesen (To meter tulling) sel svært godt, dei fire første showa blei utselt på fem dagar!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.