God stemning rundt Os

Sykkelrittet Os Rundt fekk fint vêr og god deltaking også i år. – Eg synest Mobergsbakken er verre enn Fanafjellet seier raskaste deltakar frå CK Henie.

Sol og nøgde deltakarar over Ulvensletta fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. mai 2015 09:00

Bildeserie:

I år stilte heile familien Færevaag i Os Rundt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Teten over Ulvensletta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Den første gruppa gjennom rundkjøringa ved Meny i Industrivegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
CK Henie stilte med 20-25 på dugnad, men leigde også inn tre politivaktar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Start og mål var som vanleg ved Os Gymnas. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rune Sævareid nær målstreken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rittleiar Eivind Skaftå. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Antonio, Edvard, Rune, Arve, Monica og Bernt Olav. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I år stilte heile familien Færevaag i Os Rundt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Teten over Ulvensletta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8
Teten over Ulvensletta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Den første gruppa gjennom rundkjøringa ved Meny i Industrivegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
CK Henie stilte med 20-25 på dugnad, men leigde også inn tre politivaktar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Start og mål var som vanleg ved Os Gymnas. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rune Sævareid nær målstreken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rittleiar Eivind Skaftå. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Antonio, Edvard, Rune, Arve, Monica og Bernt Olav. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I år stilte heile familien Færevaag i Os Rundt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fredag 1. mai arrangerte CK Henie Os Rundt. 133 stilte til start, eit stykke under rekorden på oppunder 200, men 10 fleire enn i fjor.

– Os Rundt er eit av få ritt som held deltakartalet oppe, seier rittsjef frå sykkelklubben i Os, Eivind Skaftå.

Sjå resultat og bilde frå Os Rundt 2014

Etter nokre år med vekst har det dei siste åre sett ut som om fleire har gått frå sykling til løping, men rittet i Os er framleis populært.

– Vi har også vore heldige med vêret dei siste åra, det hjelper nok på. Uansett er vi mest opptatt av at arrangementet går bra og at vi unngår ulykker.

Olsen vann – Sævareid beste frå CK Henie

Med vind frå nord hadde arrangørane eit håp om at ryttarane skulle få nok vind i ryggen frå Kaland til Os til at dei for første gong skulle få ei bestetid på under ein time.

Det gjorde dei ikkje i år heller.

– Det dei vann frå Kaland var nok ikkje meir enn det dei tapte då dei sykla mot vinden over Ulvensletta.

Førstemann i mål var Fredrik Olsen frå Åsane CK. Han og Øystein Blom-Ohlsen kom i mål på tida 01:02:07, eitt sekund framfor Bjørnar Vevatne Øverland, fjorårsvinnar Svein Ivar Reiso og Stian Heggøy.

– Sykla for lenge åleine

Beste osing blei også i år Lars Erlend Brattabø frå Bergen CK. Med tida 01:04:26 kom han på 17. plass.

Raskaste frå CK Henie var Rune Sævareid, som kom på 58. plass med tida 01:11:53.

– Det var tøft, men det er det alltid. Eg synest Mobergsbakken er verre enn Fanafjellet, seier Rune.

– I dag blei eg syklande for lenge åleine, omtrent frå Hamre til MB Auto.

Sjå fleire resultat nedst.

Tok heile familien med

Dei fleste for å sykla den 43 km lange hovudløypa, men ikkje alle. Tore Færevaag, som i fjor sykla saman med sonen Per (8) for første gong, hadde i år med seg heile familien i den 15 km korte løypa.

– Vi betra tida vår med nokre minutt, seier Tore nøgd.

– Og det var veldig kjekt å sykla heile familien saman, synest han.

Kona Henriette og dottera Liva (6) sykla Os Rundt for første gong. Yngstemann Jens (3) var passasjer på pappa sin sykkel.

Fleire resultat

Her er topp 6 og dei beste osingane:

1. Fredrik Olsen M30-39 Åsane CK 01:02:07
2. Øystein Blom-Ohlsen M30-39 Åsane CK 01:02:07
3. Bjørnar Vevatne Øverland M20-29 Bergen CK 01:02:08

4. Svein Ivar Reiso M30-39 Nymark IL 01:02:08
5. Stian Heggøy M30-39 Vest CK 01:02:08
6. Kjetil Frøystein Larsen M30-39 Fana IL Sykkel 01:02:09

17. Lars Erlend Brattabø M50-59 Bergen CK 01:04:26

58. Rune Sævareid M40-49 CK Henie 01:11:53
81. Arve Frostad M40-49 CK Henie 01:15:51
88. Vidar Tveit M40-49 CK Henie 01:15:52
91. Øystein Tveit M40-49 CK Henie 01:15:53
92. Antonio Burgos-Gallego M40-49 CK Henie 01:15:53
94. Edvard Ramsvik M30-39 CK Henie 01:15:54
99. Bernt Olav Lundetræ M30-39 CK Henie 01:17:32
103 . Monica Willgohs Ramsvik K30-39 CK Henie 01:19:47
114. Rolf Tysseland M40-49 CK Henie 01:28:55

Sjå komplett resultatliste på ckhenie.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.