To av dei tre gründerane, Jan Einar Strand (t.v.) og Bård Nævdal, utanfor kontoret i Kolskogen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
To av dei tre gründerane, Jan Einar Strand (t.v.) og Bård Nævdal, utanfor kontoret i Kolskogen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

God vekst trass snøfattig vinter

Lyse Entreprenør var nystarta då dei fekk brøytekontrakten. Heldigvis har dei fleire bein å stå på.

Kjetil Vasby Bruarøy
02. april 2017 - 11:05

For eit år sidan var nokre veldekorerte, små brøytebilar del av «bybildet» i Os. Lyse Entreprenør jobba dag og natt for å halda fortaua i Os svarte, før komande vinter fekk dei i tillegg ansvaret for gang- og sykkelveg heilt til Krambua i Bergen.

– Førre vinter hadde vi 16 dagar med brøyting, denne vinteren, frå oktober i fjor til no, har vi hatt 4. Det er normalt meir salting enn brøyting, men det har som kjent ikkje vore mykje kulde heller, fortel dagleg leiar Jan Einar Strand.

– Likevel har vi firedobla omsetnaden samanlikna med i fjor. Betong, det vi eigentleg skulle jobba med, har blitt ei langt viktigare del av drifta.

Skulle driva som konsulent - så kom naboen

Strand hadde lang fartstid innan bygg og anlegg då han sa seg opp. Han har jobba mykje med HMS, og starta Strand Consulting for å driva med opplæring. Samtidig blei han betre kjent med naboen i Nordmarka, då begge heldt på med oppussing heime.

Kai-André Fyllingsnes har bakgrunn som forskalingssnekker, og ville starta nytt selskap.

– Vi fekk med oss Bård Nævdal, som har fartstid innan både trevare og industri, spesielt med sal og marknadsføring, og gjekk i gang.

Fekk kontrakt etter to månadar

Selskapet blei stifta i slutten av juni, i august fekk dei kontrakt på gang- og sykkelveg på E39 mellom Halhjem og Røykenes, i tillegg til alle fylkesvegar i Os kommune.

– Vi kjøpte inn tre nye bilar og mykje utstyr. Før denne vinteren kjøpte vi inn ein fjerde. Vi har fått høyra igjen at det har sett råflott ut å koma med fire heilt nye Ford Ranger, og det var ei tung investering, men vi våga ikkje gå laus på ein ny kontrakt med dårleg utstyr.

– Eg håper og trur vi har igjen for dette på sikt, kontrakten varer i fem år, og vi skal levera like bra det siste som det første året.

Vinteren 2015-2016 blei det ein del å brøyta og salta på, og entreprenørane fekk eit ekstremforhold til vêrmeldinga.

– Det er eit stort ansvar å ta på seg, og du følgjer med døgnet rundt. Du kan ikkje reisa på kino eller gå ut og ta deg ei øl utan at du er 100 prosent sikker på at det verken kjem snø eller frost det neste døgnet, seier Bård Nævdal.

Det treng heller ikkje vera kvitt på bakken for at Lyse blir kommandert ut.

– Det har jo hendt at folk har sett rart på oss, eller stilt spørsmål, når vi har vore ute og salta - men det er ikkje vi sjølv som styrer kor tid vi skal salta.

Bråstopp etter vinteren 2016

Lyse investerte i både utstyr og tilsette, og fekk ein travel førstevinter.

– Ved sidan av eigne tilsette hadde vi fleire gode hjelparar til dei travlaste nettene. Éi natt blei eg ekstra imponert. Eg ringte Gudmund Fløysand, som er ein travel nok mann frå før, klokka 04.10 på natta. «Eg kjem!» sa han, og sto klar ti minutt seinare. Eg lurer på om ikkje han stilte i pyjamasbukse, fortel Bård og ler.

Men så kom mars 2016.

– Vi hadde hatt det så hektisk med forskaling og støyping på dagtid og brøyting og salting fleire netter, at vi rett og slett ikkje hadde fått tatt inn nok oppdrag til vår og sommar.

Resten av året blei tøft for Lyse, men før jul lausna det.

Ikkje éin dag utan arbeid

Trass ein vinter med mindre snø enn i Tyrkia (!) har Lyse klart seg bra.

– Mengda betongoppdrag har auka kraftig, vi har ikkje hatt éin dag utan arbeid til no i år, fortel Bård.

Selskapet er no splitta, vegkontraktane og brøytebilane ligg i eige firma, Lyse Drift AS, som klarer seg sjølv om vinteren har vore varm. Dette er òg for å gje Lyse Entreprenør AS betre konkurransevilkår, at dette selskapet skal sleppa å ta vinterutstyret med seg gjennom sommaren.

Lyse har ni tilsette. Kontoret blei i fjor flytta frå Lyssandfabrikken til industribygget nærmast Os vgs i Kolskogen. I tillegg har dei eit over 400 kvadratmeter stort lager i Sibi-bygget i Industrivegen.

– Vi har utstyr og kontrakt til å få eit godt løft til neste vinter, om det blir behov, men uavhengig av dette har vi heldigvis bra med oppdrag innan grunnmur til bustad og rekkehus. Truleg har Lyse blitt lagt merke til dei få turane vi har hatt til Krambua, for vi har mange kundar i bergensområdet samtidig som det har blitt fleire i Os, fortel Jan Einar Strand.

Les meir om

Næringsliv Industri