Lokal | 03. sep. 2019

Gode bjørnafjording!

Lesarinnlegg: Vårt primære ynskje er at me no får ei endring i den politikken som har vore ført på Os-sida av Bjørnafjorden.

Gode bjørnafjording!
Harald Lekven, her på talarstolen i kommunestyret i Os i mai 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. sep. 2019 19:24

Då nærmer det seg val og nokre av oss er glade for at «valkampsirkuset» snart er over. Eg er mellom dei som har tillit til at veljarane har merkt seg kva dei einskilde partia meiner om eit og hitt i saker som dei er opptekne av.

Likeeins har innbygjarane på begge sider av fjorden eit godt erfaringsgrunnlag mtp kva dei einskilde partia har sagt og gjort i periodane som ligg bak oss.

Når valet er over og innbyggjarane har sagt sitt skal partia finna saman i konstellasjoner som gjev best uttelling for eigen politikk. Bjørnafjorden Senterparti har vore tydelege på at me som eit sentrumsparti KAN jobba «begge vegar» i politikken. Dette har Sp lange tradisjoner for (til liks med andre sentrumsparti.)

Dei mange sentraliseringsreformene er etter mitt syn hovudårsaka til at skillelinjene i rikspolitikken går der dei går i dag. Senterpartiet er, har vore og vil halda fram med å væra det partiet som kjempar for desentralisering og utvikling i heile landet.

I eit lokalval som no står for døra vil ein heilt sikkert, denne gongen som alltid tidligare, sjå dei «merkelegaste konstellasjoner» danna seg på bakgrunn av valresultatet i den einskilde norske kommune.

Veljarane som stemmer Senterpartiet i Bjørnafjorden skal væra trygge på at me vil forvalta tilliten dåke gjev oss slik at mest mogleg av Senterpartiet sin gode politikk kan verta ført i den nye kommunen vår! Dette har vore, er og kjem til å verta mitt og Senterpartiet sitt fokus .

Gjennom heile valkampen har partia vorte utfordra på kven dei ynskjer å samarbeida med etter valet. Dei fleste partia har sagt som Senterpartiet: «der ein får mest utteljing for eigen politikk»

No på tampen av valkampen har det hyppigere vorte spurd om kva parti det IKKJE er aktuelt å samarbeida med.

Senterpartiet har fått fleire slike spørsmål.

Senterpartiet er som nevnt eit sentrumsparti som KAN jobba mot «venstre og høgre».

Når ein ser på partiprogram og kvar dei store skillelinjene i lokale saker, som brusaka, arealpolitikken, Fjellheim-saka med fleire ligg, er det vel openbart at eit samarbeid med Fremskrittspartiet framstår som bort imot umogleg og lite ønskjeleg.

Samarbeid med SV framstår vel òg som usannsynlig, då dei ligg tilsvarande langt til venstre for sentrum.

Mitt og Senterpartiet sitt primære ynskje er at me no får ei endring i den politikken som har vore ført på Os-sida av Bjørnafjorden. Me er klare for eit skifte til ein politikk til beste for heile Bjørnafjorden!

Senterpartiet vil væra garantisten.

Godt val!

Beste helsing
Harald Lekven
Bjørnafjorden senterparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.