Sport | 13. jan. 2012

Gode førebuingar i fjorden

Lysekloster starta 2012 med å knusa Øystese. No ventar kamp mot Voss, treningsleir i Spania og knalltøff seriestart.

Gode førebuingar i fjorden
Johannes Jordal (t.h.) skåra kampens første mål og storspelte mot Øystese, Øyvind Olsen blei toppskårar med to nettkjenningar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy og Dagfinn Breivik)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. jan. 2012 12:57

Lysekloster har lagt lista høgt når dei førebur seg til sin første sesong i 4. divisjon, og det som kan bli klubbens fjerde opprykk på rad.

Før jul møtte dei Fana, som i år skal spela i 2. divisjon igjen, i ein treningskamp som var jamn i 1,5 omgang, men som enda med 1-5-tap.

– Vi skal halda fram med å møta gode lag, og lærdomen frå Fana, som serverte oss høgt tempo i 90 minutt, fungerte. Spelarane har trent hardare og betre etter Fana-kampen og klarte seg svært godt mot Øystese onsdag, seier trenar Ørjan Sandal.

Lysekloster leia 1-0 til pause og gjekk opp til 2-0 før tredjedivisjonsklubben frå Hardanger skåra sitt einaste mål i kampen.

– Det var jamt fram til vi sette inn 3-1. Då såg det ut som om lufta gjekk litt ut av Øystese, akkurat som med oss då vi tapte for Fana.

Kampen enda med ein fin 5-1-siger til Lysekloster.

Målskårarar: Øyvind Olsen 2, Morten Sætre, Johannes Jordal og Christoffer Robin Larsen

Johannes Jordal i full blomst

Lysekloster har i haust styrka stallen for å førebu seg på 2012. Frode Buvik frå Os er blant dei nye spelarane, også tidlegare Lysekloster-spelar, Johannes Jordal, har kome tilbake til heimbygda.

– Johannes skåra det eine målet og storspelte mot Øystese. Han har verkeleg blomstra i det siste, seier Sandal.

Fleire måte stå over

Sandal brukte 16 spelarar, men måtte klara seg utan blant anna Kim Krogsethagen, Torbjørn Birkelund, Joakim Hovden, Morten Buvik, Daniel Gall og Espen Kopperud i treningskampen.

– Vi har så god breidde på dei som held høg kvalitet no, at vi ikkje er så sårbare om nokon er vekke.

Varegg, Voss og Mallorca i vente

Dei neste laga som Lysekloster skal spela treningskamp mot er Varegg og Voss. Så ventar treningsleir i Spania i 16 dagar frå 25. mars.

– Vi har fått heile troppen på 24 mann med til treningsleir i Alcudia på Mallorca. Det skal bli veldig bra, seier Sandal, som i fleire år har drive fotballskule på ferieøya.

– Utan kjennskapen min til Mallorca og folka på Alcudia hadde ikkje dette gått, for spelarane betalar heile turen sjølv og vi ville gjera det så rimeleg som mogleg for å få alle med.

Ved å overnatta i private husvære og reisa på ulike fly med enkelte mellomlandingar, får laget treningsleiren til ein overkomeleg pris.

– Sjølv om delar av turen går i påsken, er det nokre arbeidsdagar innimellom. Så eg er glad for at alle har ordna seg fri og prioritert dette treningsopphaldet. Eg og tre av spelarane tar også med oss familiane våre på turen.

Tøff seriestart

Etter spaniaturen er det rett på seriestart på bortebane mot Lyngbø 14. april. Ei veke seinare, 21. april, er klubbens første heimekamp i 4. divisjon. Den går mot Loddefjord.

– Vi startar sesongen med Lyngbø, Loddefjord og Valestrand Hjellvik, dei tre laga som på papiret skal bli våre tøffaste motstandarar i år. Derfor håper eg at vi får maksimalt ut av vinteren og treningsleiren, seier Ørjan Sandal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.