Kultur | 19. nov. 2009

Gode galleri-tider

I sitt 10. år blei det rekord og dobla omsetnad for Vedholmen Galleri. No feirer dei med juleutstilling med rundt 15 utstillarar.

Gode galleri-tider
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. nov. 2009 11:14

Bildeserie:

1 av 1

Vedholmen Galleri blei etablert på loftet over Vedholmen Landhandel i 2000. I mai 2008 flytta kunstnarparet Vibeke Harild og Peter Marron til nytt lokale i naustet til Hargun på naboøya Sundøy og i år har dei sitt beste år sidan start.

- Vi vel gjesteutstillarar ut frå kva kunstarbeid vi liker sjølv. Både salet av eigen kunst og gjestane sine verk har auka veldig i år, og det er spesielt kjekt at så mange har sans for profesjonell kunst, synes Vibeke Harild.

Både drivarane av galleriet og gjesteutstillarane har lang utdanning. Kanskje har det verka inn også på omsetnaden, som er dobla frå 2008 til 2009.

- Rundt halvparten av kundane kjem frå Os, og vi har om lag like mange som kjem frå Bergen til Øyane for å sjå eller kjøpa, fortel Vibeke.

Stor og variert juleutstilling
Vibeke og Peter har eigen kunst utstilt, i tillegg har dei rundt 15 kunstnarar som er knytta til galleriet. Desse har kome med nye ting til årets juleutstilling.

- Vi har litt som har stått utstilt tidlegare, men mykje nytt som har kome inn, både av skulpturar, keramikk og måleri.

- Kunst er populært å gje i gåve, så vi ville laga ei variert juleutstilling i år, med alt frå kunstdekorerte musematter til gryteklutar med kontaktannonse på. Ting som varar lengre enn ut desember, seier Harild.

Torsdag kveld er det opning. Her er utstillarane:

Glass: Linn Kalseth, Ingrid Nord.

Keramikk/skulptur: Erik Lytskjold, Norvald Hemre, Kjersti Olsen, Livio Lilli, Peter Marron, Vibeke Harild.

Tekstil: Anne Knutsen, Helene Terjesen, og Marianne Moe.

Grafikk//foto: Kristian Finborud, Trond Bentsen, Gro Petersen,Terje Risberg, Astrid McGarrighan, Peter Marron, Bjørg Thorhallsdottir.

Teikning/måleri: Gunvor Rasmussen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.