Sport | 07. feb. 2016

Gode lokale biljardresultat

Vestlandet frå Os til Ålesund var representert då Os Biljard & Snookerklubb laurdag arrangerte «lokal noregscup».

Gode lokale biljardresultat
Jan Helge Kordts (3. plass), Jonas Holt (1. plass), Rudi André Wolff (3. plass) og Jan Ove Hansen (2. plass).
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 07. feb. 2016 09:47

Bildeserie:

Reiar møtte klubbkamerat Jan Helge i første kamp. (Foto: KVB)
Reiar møtte klubbkamerat Jan Helge i første kamp. (Foto: KVB)
Kjell blei slått av Kenneth. (Foto: KVB)
Kjell blei slått av Kenneth. (Foto: KVB)
Turneringa hadde 25 deltakarar frå 6 klubbar. (Foto: KVB)
Turneringa hadde 25 deltakarar frå 6 klubbar. (Foto: KVB)
Yngste deltakar var Jonas Kvalsund Hansen, som fyller 13 i år. (Foto: KVB)
Yngste deltakar var Jonas Kvalsund Hansen, som fyller 13 i år. (Foto: KVB)
Jonas reiste med pappa, som fekk 2. plass, og koste seg med snooker mellom kampane. (Foto: KVB)
Jonas reiste med pappa, som fekk 2. plass, og koste seg med snooker mellom kampane. (Foto: KVB)
1 av 5

I haust var Os Biljardklubb på plass i nye lokale bak Ulvenparken ved Svegatjørn.

Med ny innreiing, fire biljardbord og fire snookerbord, og aktive utøvarar i begge kule-idrettane, skifta det som er Noregs eldste klubb namn til Os Biljard & Snookerklubb.

– To av tre NM i snooker, lag-NM og NM i 6red, blir arrangert hos oss neste år. I tillegg skal vi arrangera tre noregscupar i biljard, sa snookerspelar Reidar Rundsveen før jul.

Det stemte nesten, for at ikkje noregscup i biljard skal bli for folksamt, og krevja for mykje reising, er det dei siste åra berre eliten som speler noregscup. Dei neste divisjonane speler regionsturnering.

Frå Os i sør til Herøy i nord

Med eit par innleiande kampar fredag kveld heldt turneringa i Os fram heile laurdag. Dette var sesongens andre regionsturnering i vest.

– Deltakarane er frå Os i sør til Herøy utanfor Ålesund i nord. Vi har 25 deltakarar frå 6 klubbar, fortel Jan Helge Kordts.

To 3. passar

Os stilte med seks deltakarar.

Kordts og klubbkamerat Rudi André Wolff gjorde det best og tok kvar sin 3. plass.

Kenneth Sagebakken fekk 5. plass, Geir Bentzen 9. plass og Reidar Rundsveen, som er mest aktiv innan snooker, tok saman med Kjell Henriksen 13. plass.

Jonas Holt frå Hyllestad Biljardklubb vann framfor Jan Ove Hansen frå Herøy.

12-åring tapte for pappa

Yngste deltakar var Jonas Kvalsund Hansen frå Herøy. Han fyller 13 år i år og var på tur med pappa, som tok 2. plass.

– Eg vann det første spelet, men tapte for pappa i andre runde, fortel Jonas, som koste seg med snooker mellom kampane.

– Eg er veldig glad for at dei har snooker her, det er ein fin klubb de har på Os.

Pappa Jan Ove var på landslaget som junior, men seier sonen har kome lengre enn han sjølv hadde i den alderen.

– Det er dessutan kjekt for far og son å vera på tur på denne måten, seier Jan Ove.

Komplett resultatliste bli publisert på Os Biljard & Snookerklubb si facebookside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.