Lokal | 24. jan. 2019

Gode påmeldingstal for UKM

Kulturmønstringa blir opningsarrangementet til Fjorden Arena i Fusa.

Gode påmeldingstal for UKM
UKM 2019 går av stabelen i Fjorden Arena i Fusa laurdag 9. mars. Her frå mønstringa i Oseana i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 24. jan. 2019 11:23

– Det er enno god til å melda seg på, fortel UKM-ansvarleg i Fusa kommune, Agnes Smørholm.

Mønstringa går av stabelen laurdag 9.mars, men allereie no ser vi ei tilstrøyming av ungdommar som vil vera med.

Opningshelga til den nye fleirbrukshallen

Smørholm fortel at den nye fleirbruksahallen vil opna på føremiddagen 9. mars, og så vert UKM det første arrangementet i den nye storstova i Fusa.

– Det er stas at UKM vert det første arrangementet i Fjorden Arena, og eg håpar å sjå ekstra mange osingar i Fusa denne helga.

26 påmelde til no

Smørholm fortel at «tradisjonen tru» skal dei fleste påmeldingane koma i dei siste vekene før sjølve kulturmønstringa, men i år er det allereie 26 påmeldingar gode 7 veker før arrangementet. Dette fortel meg at UKM held fram med å vera eit viktig kulturarrangement for ungdom i Os og Fusa.

I 2018 var Oseana arena for lokalmønstringa, og då var det totalt 33 ungdommar frå Fusa og 31 frå Os påmeldt.

– Slik tala er i dag, er det frå Fusa 16 personar som har meldt seg på, dette fordelt på 8 innslag. For Os er tala 10 personar fordelt på 9 innslag. Dette er gode tal, såpass lenge før mønstringa, seier Smørholm.

Musikk frå Fusa - utstilling frå Os

Smørholm fortel at sjangermessig kjem Fusa ut med høge påmeldingstal for dei som har meldt seg på med musikk. I Os er det sjangeren utstilling som ser ut til å vera populært i år.

– Os har så langt ingen påmelde innan dans, men det er kjekt å notera seg at film er attende som sjanger frå Os. Dei unge osingane syner òg interesse for å melda seg på på som arrangørar. Då er med og arrangerer heile mønstringa.

Smørholm håpar å sjå at endå fleire ungdomar melder seg på til mønstringa i mars;

– Det er utruleg mange unge talent i begge kommunane, og det er ikkje grenser for kva du kan melda deg på med. UKM er mykje meir enn berre å stå på ei scene.

UKM er ikkje ein talentkonkurranse kor du vinn premiar, men skal vera ein myldreplass for kreativ ungdom, avsluttar Smørholm.

UKM kjem attende til Os i april

Helga 5-7 april er Oseana Kunst & Kultursenter arena for UKM-fylkesfestivalen.

Då skal fleire hundre ungdomar frå alle kommunane i Hordaland møtast, bli kjent med kvarandre og visa fram kultur for kvarandre.

Eit utval av desse ungdommane reiser vidare til UKM-landsfestivalen i Trondheim 25. til 29. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.