Sport | 30. apr. 2018

Gode plasseringer i Bergen City Marathon

Fleire osingar hamna som topp 3 i sin aldersklasse på ulike distansar. Stafettlaget til Opptur var òg nær pallen.

Gode plasseringer i Bergen City Marathon
Årets lag frå Opptur Motbakkeklubb var 4 sekund frå 4. plassen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 30. apr. 2018 09:43

Laurdag blei Bergen City Marathon arrangert for 7. gong. Fleire frå Os var blant dei 10.000 deltakarane i maraton, halvmaraton, 5 km, stafett og barneløp.

– Nivået var høgt, tida vår var tre minutt betre enn sist vi stilte med stafettlag, og ville heldt til pallplass alle andre år enn i år, seier Klas Færøvik frå Opptur Motbakkeklubb.

I år landa dei på 5. plass i klassen for mixlag med tida 1.17.42, 4 sekund frå 4. plassen, trass i at ein av dei raskaste løparane på laget, Andreas Søfteland, sprang litt feil i løypa.

Både Opptur og klubbuavhengige utøvarar frå Os deltok på individuelle distansar.

Her er nokre av dei beste resultata:

Ronhill Marathon:
Stein Kjetil Hefte frå Opptur Motbakkeklubb kom på 86. plass med tida 3.25,27. Det heldt til 2. plass i klassen M55-59.
I same klasse kom Geir Jensen frå Søvik velforening på 3. plass.
Vinnarane var Jonathan Albon 2.30,30 (M23-34, Varegg) og Margunn Bye Tøsdal (K23-34) 3.03,16

BMW Halvmarathon
Andreas Skulstad Størksen frå Opptur Motbakkeklubb kom i mål på 1.26,17, det heldt til 3. plass i M16-17.
19. plass: Kjersti Tyse Lyssand 1.33,02 (12. plass i den store klassen K23-34)
52. plass: Kjersti Lyssand Haugland 1.38,44 (2. plass i K40-44)
Anne Marit Skjeie 1.50,25 (4. plass i K55-59)
Svanhild Vestbø 1.52,09 (Opptur Motbakkeklubb, 5. plass i K55-59)
Vinnarane var Eli Anne Dvergsdal 1.17,42 (K23-34, Varegg) og Frew Z. Brkineh 1.09,08 (M23-34, Sandnes)

Thon Run 5 km:
7. Christina Forstrønen Bruarøy 20,13 (2. plass i K20-22, Opptur Motbakkeklubb)
Vinnarar: Line Rivedal 18,32 (K23-34, Gular) og Marius G. Sørli 15,52 (M20-22, Ask)

Kjenner du til fleire sterke resultat av deltakarar frå Os? tips@midtsiden.no

• Ekstern lenkje: Resultatliste, BCM 2018

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.