Kultur | 01. feb. 2018

Gode råd: Os Gymnas

Val av utdanning: Dette spør elevane om - og dette er viktig å veta.

Gode råd: Os Gymnas
Rådgjevar Terje Bøthun. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. feb. 2018 20:08

Ved Os Gymnas får elevane rådgjeving klassevis. Når rådgjevar Terje Bøthun er ute i klassane spør han samtidig kven av elevane som vil ha individuell samtale, og krysser av i skjema for seinare avtale.

• Les òg: Gode råd - Os vgs

Skulen har òg besøk av studentar frå ulike institusjonar som tilbyr høgare utdanning, som både snakkar til grupper og er tilgjengelege for spørsmål og svar. I førre veke var gymnaselevane på utdanningsmesse i Bergen.

• Fersk rapport: Dette er fremtidens kompetansebehov

– Rådgjevinga går til både 1. trinn og 3. trinn. Allereie i løpet av første klasse må elevane velja fag, og då er det greit at dei har gjort seg opp ei meining om kva dei vil vidare, at ikkje dei for eksempel manglar realfag, seier Terje Bøthun.

Alternativa er mange, noko elevane ofte ytrar litt frustrasjon over.

– Då spør eg gjerne om dei skulle ønska at det var færre. Då svarer dei nei. Men eg forstår verkeleg at det kan vera vanskeleg å orientera seg, og at dei gjerne føler at dei ikkje veit så mykje om ein del av yrka som finst.

Krav og poeng

Bøthun synest Samordna opptak si studieoversikt er eit godt verktøy, ikkje berre fordi du får god oversikt, men fordi du inne på kvar studieretning enkelt får full oversikt, ikkje berre over krav og lærestad, men historikk og trend når det kjem til poenggrenser - og om kva du kan bli (kva yrke du kan få) ved å velja dette studiet.

– Nokre studie har ganske stabile poengkrav, andre varierer meir, og då kan historikken over krava for dei siste åra gje ein peikepinn på korleis det blir i år.

– Det gjeld uansett for elevane å gjera ein innsats sjølv, å lesa seg opp, å søkja kunnskap og informasjon. Valet kan likevel vera vanskeleg, men då har du i det minste eit betre grunnlag for å ta dei vala du gjer.

«Vil i alle fall ikkje sitja på kontor»

Ein del av elevane har allereie bestemt seg, og kjem med praktiske spørsmål. Andre har ikkje idé om kva dei vil bli.

– Nokre veit knapt kva deira eigne foreldre jobbar med, anna enn kven som er arbeidsgjevaren deira. Det er ein del som seier at dei i alle fall ikkje vil sitja på kontor. Eg sit jo på kontor sjølv, men har likevel med folk å gjera.

– Til desse elevane har eg derfor fokus på at ein jobb ikkje alltid er det den ser ut som, at det å sitja på kontor ikkje betyr at du hamnar bak ein PC og der blir du sitjande livet ut. Mange bruker datamaskin som verktøy, men har mykje med andre folk eller andre firma å gjera, dei får nye oppgåver med åra, og dei skiftar kanskje arbeidsgjevar med åra.

– Du kan treffa blink, sjølv om du «bommar» med studieretninga

Til dei som er i tvil, og fryktar å velja feil, legg Bøthun vekt på at du ikkje alltid veit kva yrke du hamnar i, sjølv om utdanninga du vel legg opp til at du skal bli god på nokre få, spesielle oppgåver.

– Det er fleire døme ute i arbeidslivet på folk med høgare utdanning hamnar i eit yrke litt utanfor det som i utgangspunktet er faget deira.

– Om du er rette typen, men ikkje har rette faget, kan arbeidsgjevar tenkja at du likevel er eigna, fordi du med fullført høgare utdanning har vist at du er god på det å ta til deg ny kunnskap.

– Eg trur elevar ikkje skal vera så redde for å velja feil, men våga å velja noko dei har litt interesse for, og jobba hardt for å fullføra.

Løn, jobbmarknad og studie i utlandet

Når rådgjevaren får spørsmål om dagens jobbmarknad og behova som kjem, er dette noko han ikkje tar seg like mykje bry med å leita etter gode svar på.

– Når våre elevar er ferdig med høgare utdanning, så har det gått minst 4-5 år frå no. Då har truleg mjobbmarknaden endra seg, og kanskje ikkje heilt i tråd med det som var spådd. Det vil dessutan ha kome yrke som ikkje eksisterer i dag.

– Generelt får folk med høgare utdanning jobb. Kanskje ikkje draumejobbe, i den «rette» byen på første forsøk, med meg ei fullført utdanning så skal du vera godt rusta.

– Kva med studie i utlandet?

– Nokre er interesserte fordi dei har eventyrlyst, andre fordi studiet dei ønskjer er lettare å koma inn på i utlandet. Her anbefaler eg alle å passa på at studiet er akseptert her heime. Det er dessverre ein del døme på det motsette.

– Ofte er det greit å ta dette via høgskulen eller universitetet, dei har gjerne eit program der du tar eit semester ute, eller at dei har eit godkjent studie å anbefala.

– Er dagens ungdom opptatt av økonomi og kva yrke som er best betalt?

• Fersk tabell 1. februar: Snittløn i 300 yrke (SSB.no)

– Ja, enkelte. Og det synest eg er bra, pengar har litt å seia for resten av livet. Nokre studie, og sjølve studentlivet, kan kosta ein del pengar. Når du skal betala dette tilbake, samtidig som du skal etablera deg, kan det vera greit å ha ein jobb som òg betalar godt.

– Nokre elevar er allereie veldig opptatt av å tena pengar ved sidan av tida på gymnaset. Det er bra at dei får arbeidserfaring og nokre kroner som dei styrer sjølv, men enkelte gongar trur eg dei får for mange vakter. Det hender eg minner elevane på at skulen er ein fulltidsjobb, i tillegg synest eg dei skal nyta den fine ungdomstida litt.

– Dei beste minnene frå ungdomstida kjem kanskje ikkje frå timane på jobb, men frå dei sosiale stundene saman med venar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.