Korona | 24. des. 2021

Gode tal under årets siste massevaksinasjon

Omikron går sakte opp, samla smittetal går (midlertidig) ned og mengda førstedosar held fram med å auka.

Gode tal under årets siste massevaksinasjon
Onsdag var siste massevaksinasjon, i romjula får det effektive vaksineteamet fri. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. des. 2021 08:48

Førre veke, veke 50, var det ny smitterekord med 126 nye tilfelle av påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune.

– Denne veka har vi hatt noko lågare smittetal, så langt. Det er mogleg vi landar på under hundre, sa kommuneoverlege Klaus Melf til Midtsiden vesle julaftan.

Dei første dagane denne veka var det éinsifra mengde smittetilfelle, men i går skal det ha vore tosifra igjen.

Teststasjonen i Kolskogen er open fram til klokka 12 i dag, julaftan, men stengt 1. og 2. juledag.

– Vi har hatt få hurtigtestar den siste tida, men ventar ei stor forsyning julaftan. Desse vil koma på plass for utdeling i romjula, men med litt meir varsam utdeling enn i starten.

Frå 1 til 4 omikrontilfelle

I førre veke blei også første omikron-tilfelle i vår kommune oppdaga.

– Vi har hatt tre tilfelle til i løpet av denne veka inn mot jul.

– Alle er i samband med innreise frå utlandet. Vi har foreløpig ikkje oppdaga intern omikronsmitte mellom innbyggarane i Bjørnafjorden.

Pila på VG sin koronastatistikk viser at smittetrenden i Bjørnafjorden no er synkande.

– Kva ventar du av smittetrend over nyttår, når fleire treff kvarandre igjen?

– Det er venta at omikron skal ta over for delta, og smitta meir. Det betyr nok at vi over nyttår kan venta oss ei omikronbølgje oppå deltabølgja vi har i dag.

– For å halda den totale mengda smitta innbyggarar lågast mogleg, håper eg vi reduserer delta mest mogleg dei neste dagane, og naturlegvis at vi bremsar omikron så langt det lar seg gjera.

– Det som er gledeleg å sjå er at tredje dose gir svært god beskyttelse.

654 av 1000 moglege møtte til vaksinasjon

Onsdag var siste massevaksinasjon i år. Vaksineteamet har fri i romjula og går på igjen over nyttår.

– Onsdag var det rundt 1.000 innbyggarar som fekk andre dose for 20 veker sidan, altså som var klare for tredje dose.

– 654 møtte fram. Det er bra, vi har sikkert fleire som hadde tatt juleferie eller var travle med førebuingar til jul.

150 førstedosar på tre veker

Totalt var det 703 som fekk vaksinedose onsdag. Dei andre 49 fekk første dose.

– Vi synest det er positivt for kampen mot smitte at endå fleire no stiller opp.

Dette er tredje veke på rad med rundt 50 nye som tar dose 1.

Temposkifte i vinter

Etterkvart som vekene går vil det opna for tredje dose for langt fleire.

– I desse dagar er det ikkje så mange som har 20 veker eller meir sidan andre dose. I slutten av juli og starten på august fekk vi veldig mangde dosar, og dei blei priroiterte som førstedose. Desse fekk andre dose i haust, og det er ikkje 4,5 månadar/20 veker sidan enno, forklarer Melf.

– Dei første vekene over nyttår blir som no, med éi massevaksinering i veka. Men i februar skal vi opp i volum.

Vaksinasjonsteamet i Oshallen kan setja over 1.000 dosar for dagen. Fleire av vekene i februar blir med to massevaksinasjonsdagar, nokre veker også med tre dagar, om mange nok takkar ja til tredje dose.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.