I medvind - Oselvarverkstaden kan sjå tilbake på eit godt 2018. Her frå Oselvarfestivalen i fjor. (Foto: KVB)

Godt år for Oselvarverkstaden

Styrka økonomi, strategiar og sponsorar er med å forma framtida til Noregs nasjonalbåt.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Årsmeldinga til Oselvarvekstaden for 2018 er no klar.

Den fortel om eit godt 2018 - prega av eit tett og godt samarbeid mellom styret, leiinga, båtbyggjarar og lærlingar.

Styrka økonomi

Føremålet med Oselvarverkstaden er å ta vare på båtbyggjarhandverket i samsvar med tradisjonar og strenge krav til kvalitet, og å føra båtbyggjarkunsten vidare til nye generasjonar ved systematisk og grundig opplæring av nye båtbyggjarar.

Det er gjort fleire grep for å styrka økonomien, fortel dagleg leiar Vidar Langeland.

– Fokus på marknadsføring og sponsoravtalar har gjort at Oselvarverkstaden har kunna oppgradera utstyrsparken sin. Vi har har no ordretilgang fram til midten av 2020.

– I 2018 signerte vi òg treårige sponsoravtalar med Askeladden Boats AS og Irisgården AS.

Kunnskapssenter

Langeland fortel at i løpet av 2018 har Oselavarverkstaden vore tilstades på messer og kystkultur-festivalar for å marknadsføra Oselvaren;

– Vi var tilstades på båtmessa i Lillestrøm, trebåtfestivalen i Risør og Landsstemne til Forbundet Kysten i Haugesund. Desse arenaane er med og gje oss ekstra merksemd, og samstundes har med tida markert seg som eit kunnskapssenter innan norsk tradisjons- båtbygging. Kunnskapen til båtbyggjarane er etterspurt og fleire kystlag ynskjer at vi skal halda kurs.

At tildelinga av Kulturminneforbundets formidlingsstipend 2018 til båtbyggjar og fagleg leiar Berit Osmundsen, er kanskje eit prov på at vi gjer mykje rett, seier Langeland.

Utfordringar med begrensa plass

Langeland fortel at Oselvarverkstaden har ein del utfordringar knytt til begrensa plass i både produksjonen og på utearealet;

– Styret og underteikna har hatt tett kontakt med Os kommune for å få til ei utviding av verkstaden og for å få fokus på Oselvarverkstaden si rolle i utvikling av Osøyro.

Dette er ei prioritert oppgåve vil følgja opp i 2019.

Strategi på sju punkt

På styremøte 24. september 2018 vart det vedteke ein strategiplan - Langeland fortel at sju punkt skal syta for at Oselvarverkstaden skal nå måla sine;

• Lærlingestrategi: Oselvarverkstaden skal vera ein opplæringstad som tar vare på og utviklar handverket og ha som mål til ein kvar tid å ha to lærlingar i arbeid.

• Brukarstrategi: Oselvarverkstaden skal vera eit kompetansesenter som er tilgjengeleg for brukarene av båten. Oselvarverkstaden skal i samarbeid med kommunen legge tilrette for at born og unge skal bli kjent med oselvaren.

• Kompetansestrategi: Oselvarverkstaden skal ha kompetanse på bygging ev alle typar oselvarar. Oselvarverkstaden skal ta vare på og utvikle spisskompetanse i faget. Oselvarverkstaden ønskjer ei kontinuerlig fagleg utvikling av dei tilsette, og skape eigarskap til eigen arbeidsplass.

• Sponsorstrategi: Oselvarverkstaden vil utvikla ein sponsorstrategi som stimulerar til samarbeid mellom næringsliv, privatpersonar, lag og organisasjonar. Arbeide aktivt i samarbeid med sponsorar for å spreie informasjon om Oselvaren og arbeidet til Oselvarverkstaden.

• Formidlingsstrategi: Oselvarverkstaden skal delta på messer og festivalar, dokumentere arbeidet med tekst, film og bilete. Oselvarverkstaden skal ha tett dialog med kommunen og fylkeskommunen for felles formidling av oselvartradisjonen. Oselvarverkstaden skal laga gode nettsider med relevant informasjon om arbeidet vårt.

• Nettverksstrategi: Oselvarverkstaden skal være ein del av fleire nettverk for formidling av handverk og norske tradisjonsbåtar.

• Samfunnsstrategi: Oselvarverkstaden skal være eit regionalt senter for oselvarar og mindre vestlandsbåtar. Sikra Oselvarverkstaden si historiske rolle og posisjon i kommunen og i fylkeskommunen og være ein del av nasjonale målsetningar for utdanning og formidling av norsk småbåttradisjon.

Nasjonal og internasjonal interesse

Oselvarveksstaden ferdigstilte tre færingar i 2018. Éin av desse vart levert til ein kunde i Mandal.

Langeland fortel at Oselvarverkstaden no i aukande grad nyttar sosiale media i arbeidet med å fremja Oselvarverkstaden;

– Facebook-sida vår hadde nesten 5940 følgjarar ved årsskiftet, omlag 1500 av dei har kome til siste året. På Instagram har vi no omlag 500 følgjarar.

– Vi har òg fokus på å ha ei oppdatert og relevant nettside - Siste året hadde Oselvarverkstaden 112 000 besøk på nettsida. Det er drøyt 300 brukarar kvar dag. Ikkje alle desse treffa er reelle, men det er interessant å notera seg at 14 % av treffa kjem frå Noreg, 20 % frå USA, og 9 % frå Danmark, seier Langeland.

Mykje besøk

Om lag 250 niandeklasse-elevar frå skulane i Os har vitja verkstaden i samband med Oselvardagane, som ein del av den «Den kulturelle skulesekken». Kvar klasse har fått ein Oselvardag, der dei lærer om historia til oselvaren og dei får prøve seg i båten med både å roing og segling.

Drygt 20 grupper, med tilsaman ca 350 gjester frå private og offentlege verksemder, organisasjonar og undervisnings-institusjonar har fått omvising på verkstaden i 2018.

– I tillegg kjem alle dei uanmeldte som stikk innom i utstillinga. Vi har ikkje noko tal på «drop in» besøk, men sånt besøk får vi i snitt ca 2-3 gonger i veka, avsluttar ein godt nøgd dagleg leiar.

Fleire saker