Kultur | 19. des. 2017

Godt billettsal til show i Bergen

Made er nøgd med første respons på «To meter tulling» med Thomas Helgesen.

Godt billettsal til show i Bergen
Thomas Helgesen selte to fulle hus på Oseana. No har han plass til 1200 på seks show på Lille Ole Bull. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. des. 2017 08:08

For ei veke sidan kunne Made fortelja at dei har sett opp den ferske standupkomikaren Thomas Helgesen frå Os på fleire show i Bergen.

På heimebane debuterte han for 1000 tilskodarar fordelt på to fullsette framsyningar i Oseana, i Bergen er det lagt ut seks show på Lille Ole Bull.

– Eg veit ikkje kva vi kan venta av tidleg respons, men må seia oss nøgd med at det er selt over hundre billettar første helg etter vi la billettane ut, seier Per Mygland om status måndag formiddag.

To langhelger i by'n

Lille Ole Bull har kapasitet på 200 publikummarar per show. Made har med andre ord til saman 1.200 billettar for sal.

– Showet er førebels berre marknadsført i Os, så eg reknar med at dei første som har kjøpt billett er osingar som ikkje fekk plass i Oseana, men som no har vore raske med å slå til.

«To meter tulling» blir spelt på Lille Ole Bull torsdag, fredag og laurdag to helger i mars 2018.

Debutant med lang erfaring

Showet i Oseana hausta mykje ros.

Det gjorde òg to kortare oppdrag han hadde for Os Næringsråd.

• Sjå video frå 2016 og 2017

Helgesen har ikkje berre gjort suksess i debuten som solo standupartist, i ti år har han vore tekstforfattar og publikumsfavoritt på den årlege «Nor og ne’»-revyen.

• Sjå video frå Nor og ne' i 2015

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.