Sport | 02. nov. 2011

– Godt med litt motstand

Os oldboys var som vanleg suveren i serien. Men kveldens KM-finale tok ei uvanleg vending.

– Godt med litt motstand
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. nov. 2011 22:18

– Det hadde ikkje vore ufortent med siger i år heller. Vi leia 2-0 og brente straffe rett før slutt, men i år måtte vi gjera noko så uvant som å sjå oss slått i kampen om kretsmeistertittelen, seier Stig Morten Bruarøy.

Os oldboys var suveren i serien og sto med full pott og heile 107-33 i målforskjell etter 10 serierundar. 17-0 og 16-2 var dei største sigrane.

Tabell, oldboys 7-ar avd 1 (Os)

I årets KM-finale var Bjarg motstandar. Bjarg vann si avdeling med siger i 14 av 15 kampar og 130-29 i målsforskjell.

Tabell, oldboys 7-ar avd 2 (Bjarg)

Begge veteranavdelingane speler 7-arfotball.

Leia 2-0

Os tok leiinga i finalen, som gjekk på bortebane. Eivind Carlson Mosaker sørgja for 1-0 før pause.

I 2. omgang auka Stig Morten til 2-0, men så blei osingane, som har vunne KM nesten kvart år «sidan krigen», innhenta.

Bjarg reduserte, utlikna og tok leiinga 3-2.

Måtte ta straffen to gongar

Os utlikna igjen til 3-3 ved Frode Øye og finalen gjekk til ekstraomgangar. Her tok Bjarg leiinga, men på stillinga 4-3 blei det straffe til Os.

– Frode Heggland putta straffen sikkert i mål, men dommaren blei usikker på om straffen blei tatt frå rett avstand, så Frode måtte ta den pånytt. Då skifta han side og keeper slengte seg rett veg, dermed enda kampen med 4-3-tap, fortel Bruarøy.

– Det var berre godt med litt motstand. Vi får håpa det blir samla fleire gode lag i same avdeling neste år, seier Os-keeper Vidar Hjelle.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.