Lokal | 10. feb. 2012

Godtok forelegg

Politirapporten: Uvettig køyring gav forenkla forelegg. Mørklagt bil på Søfteland. Hjort påkøyrd i Hagavik.

Godtok forelegg
Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy
Andris Hamrefredag 10. feb. 2012 13:56

Han blei nokre kroner fattigare sjåføren som kryssa sperrelinjene i Byvegen.

- Sjåføren blei stoppa for uvettig køyring og godtok det forenkla forelegget på staden, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

"Betre" gjekk det med føraren av det som truleg var ein Ford på Søfteland.

- Vi fekk melding om at ein bil uten lys og moglegens også uten skilt var på vegen på E-39 på Søfteland.

- Patrulja var ute og såg etter bilen og føraren, men traff diverre ikkje på han.

Måtte avliva hjorten

Omlag ved midnatt blei ein hjort påkøyrd i Hagavik.

- Det var føraren som melde frå.

- Skadene på bilen var ikkje så alvorlege, men føraren var usikker på korleis det gjekk med hjorten.

- Dei høyrde den inne i skogen ved siden av vegen, men klarte ikkje å bedømma kor skadd den var, fortel Sperrevik.

Viltkontakten blei kontakta og kom til staden. Hjorten viste seg å vera såpass skadd at dei måtte avliva dyret.

Telefonsjikane

Politiet har òg fått melding om telefonsjikane og truslar i løpet av natta og fredagen.

- Desse vil bli fulgt videre opp, fortel politioverbetjenten.

Omlag klokka 12 fredag fekk dei melding om ein automatisk brannalarm i ein privatbustad. Brannvesen og politi rykte ut til det som viste seg å vera falsk alarm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.