Golf-tjuvar kan vera tatt
Andelsbrev, nøklar og styringssystem til vatningsanlegget er blant det som blei stole på Hauge. Tre utanlandske menn sit no fengsla.
Den siste tida har det vore ein serie innbrot hos golfklubbar på Austlandet og Vestlandet.
Natt til tysdag slo dei til på Bjørnefjorden Golfklubb.
– Det er ikkje dei 10.000 - 15.000 kronene som låg i safen dei stal som er det verste. Ikkje hærverket heller, seier dagleg leiar Eivind Hodneland.
Dei to knuste rutene er skifta og nytt gitter inn til proshopen (butikk med golfutstyr) er skifta.
– Det verste er at dei ikkje klarte å opna kassaapparatet, utruleg nok. Derfor tok dei det med seg. I dette låg det mange nøklar og vi har no måtta skifta fleire låsar.
Mista styring på vatningsanlegg
Tjuvane tok også med seg ein gamal bærbar pc.
– Denne pc-en var den einaste vi hadde som var gamal nok til å kjøra vatningsanlegget på banane, eit system basert på eldre programvare.
– No har vi ikkje lenger automatisk vatning om natta, men må ut på kvart hol og opna og stenga krane etter krane, fortvilar Hodneland.
Tre menn tatt i Meland
I dag fortel politiet at syndarane bak golfklubb-innbrota kan vera tatt.
– Politiet stoppa ein bil i Meland med tre rumenarar, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Dei tre er mistenkt for å stå bak innbrot ved fleire golfklubbar.
– Etter innbrot hos oss, i Fana, Åsane og Voss, er det helt utruleg om dei også var på veg til å prøva seg på Meland. Eg håper dei rette er tatt, seier Hodneland.