Sport | 12. jan. 2021

Golfklubben har fått løyper - laurdag blir det skirenn

Høg aktivitet på Hauge.

Golfklubben har fått løyper - laurdag blir det skirenn
I går blei det køyrd løypetrasear av Røde Kors. Aktiviteten var høg utover kvelden, men i 22-tida var det stille vinterstemning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. jan. 2021 09:39

Då vi vakna til snødekte bakkar søndag, var sjefen i Bjørnefjorden Golfklubb allereie uroa for dei finaste delane av banen.

– Eg køyrde opp på formiddag og såg at det allereie var mykje folk på aking og skitur, fortel Bjarte Wiberg.

Golfklubben er glad for aktivitet på anlegget, men ønskjer at folk ikkje trør snøen fast på greenane.

– Heldigvis fekk vi god hjelp av Os Røde Kors. Dei har ATV med belte, og køyrde løypetrasé måndag kveld.

Utover kvelden skal det ha vore tett med folk med ski og hodelykt.

– Før helga får vi låna sporsetjar av Hålandsdal IL, så då er alt klart for skirenn.

Har plass til 200 på skirenn laurdag

BJGK arrangerte skirenn både i 2010 og 2018 (bildeseriane i arkivsakene er synlege for pålogga abonnentar).

Førstkomande laurdag blir det gratis skirenn for born og skirenn med påmeldingsavgift for vaksne.

Nokre av dei 120 deltakarane i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nokre av dei 120 deltakarane i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Det er laga 3 ulike løyper og det er delt inn i 5 ulike aldersklassar.

Løypene er 560 meter, 970 meter og 3,8 kilometer lange.

– Dei første ti epostane med påmelding har no kome inn, nokre av dei er nok påmelding for fleire, så vi er vel oppe i 15-20 påmeldte til no.

I alt er det plass til 200 deltakarar. I 2018 var det 120 påmeldte i klassane 5 til 12 år åleine. Sparebanken Vest sponsar premiar og buff til dei yngste.

Gode treningsforhold

– Elles håper eg mange har glede av området fram til laurdag, seier Wiberg.

– Men vi set pris på om alle held seg i oppkøyrd løype, og ikkje trør fritt omkring. Vi bruker mykje ressursar på å halda greenane fine, denne jobben blir enklare om desse partia får fred.

I dag er det overskya og snøbyger i Os.

Det er meldt minusgradar og sol fram til og med fredag, og 1-3 plussgradar og kanskje nokre snøbyger laurdag og søndag.

Dagleg leiar Bjarte Wiberg stiller truleg med varmare klede laurdag. (Foto: KVB)
Dagleg leiar Bjarte Wiberg stiller truleg med varmare klede laurdag. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.