Sport | 28. mars 2017

Golfklubben på veg opp

Ny leiing, nytt æresmedlem, stor dugnadsvilje og solid overskot.

Golfklubben på veg opp
Styreleiar Erik Just-Olsen og dagleg leiar Per-Ove Bahus Lysvold. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. mars 2017 19:16

Bjørnefjorden Golfklubb sitt årsmøte blei ei samstemt og positiv oppleving for dei involverte.

– Det var unnagjort på 1,5 time. Det største som skjedde var at klubben fekk eit nytt æresmedlem, Eldbjørn Stor-Re, fortel styreleiar Erik Just-Olsen.

Eldbjørg er æresmedlem nummer fire, og første kvinne som får utmerkinga.

– Ho var med og stifta klubben og har sidan engasjert seg i alle slags komitear. Eldbjørg er eit ja-menneske med ei enorm dugnadsvilje.

Over 500.000 i pluss

Ei anna gledeleg melding på årsmøtet var rekneskapen. Klubben får eit årsresultat i 2016 på 558.000 kroner.

– Dette trengte klubben, det har vore nokre år med minus.

– Inntektene har gått litt opp, men hovudårsaka til overskotet er sparing. Overskotet er det største på fleire år og det nest største i klubben si historie.

Nå leiar og ny pro

Då Eivind Hodneland, som var dagleg leiar frå januar 2012, i november 2015 sa seg opp (for å bli butikksjef hos Bygger’n), fekk driftssjef Per-Ove Bahus Lysvold ei dobbelrolle.

Ordninga med «oppgradert» greenkeeper, kombinasjonen driftssjef og dagleg leiar, fungerte godt for alle partar.

– Men eg har fått beskjed av styret å ikkje jobba fullt så mykje, at eg prøver å halda meg under 40 timar i veka.

I vinter mista golfklubben Sverre Marcelius, som har vore pro i ei årrekkje.

– Vi blei dessverre ikkje einige om ny avtale med Marclius, som har gjort ein strålande jobb for klubben i mange år. No har vi to andre som deler på jobben, Anders Engelsen og Alexander Heggeland.

Ramma av rykter om utbygging

Mens dei gler seg over overskot og god dugnadsvilje opplever leiinga i golfklubben at enkelte trur at klubben snart blir ramma av utbygging.

– Avisomtale av visjonar om bustadbygging på delar av golfbanen har visst fått enkelte til å tru at framtida vår er over.

– For det første er dette innspel til ein arealplan, for det andre er det snakk om éin grunneigar, av fleire, som har forslag om å omregulera til bustad.

Golfklubben har leigeavtale med alle grunneigarane som løper fram til 2026.

– Dersom det i framtida skulle bli bustadar på noko av området, så ønskjer både utbyggar og grunneigarar at det framleis skal vera golf og andre aktivitetar på Hauge.

– Vi reknar med at politikarane i Os ikkje vil gjera særlege inngrep i eit så betydningsfullt sport- og rekreasjonsområde. Klubben er ein av dei største idrettslaga i Os, i tillegg har den ein medlemsmasse med alt frå ungar til folk over 80 år som dagleg er på banen.

Nye kurs, ny hall og nye idear

Medlemstalet er ganske stabilt, med nettovekst på eitt medlem frå 2015.

– I fjor hadde vi tre VTG-kurs, i år siktar vi oss inn på fire. På det meste har vi hatt 300 nye golfarar på kurs på eitt år, men det var før Fana opna. Då hadde vi òg 1100 medlemmar, no ligg vi på mellom 600 og 700, fortel Per-Ove.

Vinteren har vore god, med berre 14 dagar med stengt bane. Golfsimulatorane hadde i fjor 300 betalande gjestar og omsette for rundt 200.000 kroner.

– Vi ser òg på nye formar for fleirebruk av anlegget.

Før sesongstart skal klubben også i gang med litt byggeaktivitet.

– Eit ivrig og raust medlem har donert ein rubhall til klubben. Denne er nyleg godkjend og skal husa utstyr og maskiner.

Midtsiden samleside: Golf

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.