Linda Andersen med utstillinga, som vaks frå 10 i fjor til 15 i år. Utstillinga står ut dagen i dag. (Foto: KVB)

The good, the charming, the scary

Her er vinnarane av graskarkonkurransen på Er-An Veikro.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

For andre år på rad har USA-inspirerte Er-An Veikro, i samarbeid med Midtsiden, invitert til graskarkonkurranse i samband med halloween.

Fredag kom bidraga inn, frå laurdag har utstillinga stått i vinterhagen i restauranten.

– Fine, morosame og skumle graskar er levert av familiar som har jobba i timesvis. Eg er både imponert og takksam! seier innehavar Linda Andersen.

Ho fortel at gjestane har hatt stor glede av utstillinga, som er synleg frå fleire av borda inne i restauranten.

– Mange har òg tatt turen ut i vinterhagen både før og etter servering for å sjå nærmare på graskara.

Skummel og sjarmerande

I fjor kom det 10 graskar til utstillinga, i år kom det 15. Utstillinga står ut dagen i dag.

Det er kåra vinnar i tre ulike kategoriar. Kva vinnar får gåvekort på 500 kroner i restauranten.

VINNARANE:

Mest avansert: David Bowie som «Goblin King, Labyrinten», av Elin Thomassen.

Mest sjarmerande: Feen «A fairy enchanting halloween» av Debbie Thompson.

Mest skummel: «Lørdagsgodt-kannibalen» av Aimi Nilsen.

– Elin leverte imponerande graskar i fjor òg, saman med Kenneth Høiland, som vann. I år blei det Elin som gjekk til topps.

• Sjå bildeserie frå graskarutstillinga i 2016

– Feen sjarmerte meg veldig, og ser også ut til å vera krevjande - og kannibalen kunne nesten vunne kva klasse som helst. Ein kul idé, ein vanskeleg jobb og eit resultat som både er morosamt og brutalt, ler Linda.

Ho legg til at det var ein tøff jobb å velja vinnarar.

– Det var mange fine og kule idear og bidrag, seier Linda, og nemner Dracula Minions og Hello Wine som eksempel.

Graskar-tradisjonen

Wikipedia skriv blant anna dette om «Jack-O'Lantern»:

Opprinnelig ble neper brukt til lykter av irene, men i senere tid da mange immigrerte til USA, ble nepene byttet ut med gresskar. Gresskar var lettere tilgjengelige i USA

«Stingy Jack» er en irsk legende om en mann som lurte djevelen flere ganger.

Da Jack døde kom han verken til himmelen eller helvete. Gud ville ikke ha han i himmelen og djevelen hadde lovet å ikke kreve inn Jacks sjel, og dermed kunne han ikke dra til helvete heller.

Djevelen ga Jack et kullstykke slik at han kunne se i mørket. Jack puttet kullstykket inn i en utskjært turnips som han brukte til lykt. Derfor blir gresskarlykter kalt for« Jack-O'-Lantern» på engelsk som er forkortelsen av «Jack of the lantern». Deretter måtte Jack vandre hvileløst rundt omkring på jorden for evig tid.

Fleire saker