Lokal | 30. sep. 2010

Google-bilen i Os igjen

«Street view»-funksjonen i Google sitt kart skal bli endå betre.

Google-bilen i Os igjen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. sep. 2010 13:07

I februar i år blei Google Street View lansert i Noreg. Funksjonen der du kan gå på gateplan i kartet til Google, dra deg rundt i gatene og sjå 360 gradar rundt, var frå før på plass i fleire andre land og i over 50 amerikanske byar.

Mange blei nok imponert over dekninga i Os, der Google ikkje berre dekka Os sentrum, men dei fleste gatene i kommunen, også ute i krinsane.

- Bilda blei tatt sommarhalvåret 2009 og no i sommar har bilane vore tilbake for å ta fleire bilde, seier den norske pressekontakten for Google, Andreas Viken Førster, til Midtsiden.no.

Midtsiden fekk ny motor
Google tar i år bilde både av nye område og av plassar dei har vore før, der bilda kan bli betre.

Nokon gongar er bilda endå betre enn det som er realiteten. Tar du ein tur over Osbrua (som forresten har blitt ny sidan Google fotograferte) med street view, og ser oppover elva, ser du underteikna sin båt.

På bildet har den fått to ein ekstra påhengsmotor. 2 x 90 hk hadde ikkje vore dumt, men truleg noko dyrare å forsikra.

Ny runde i Os?
Det er framleis vegar i krinsane i Os som Google-bilen ikkje har fotografert. I går traff Midtsiden på den synlege bilen i Os sentrum.

Sjåføren, ein engelsktalande ung mann, ville ikkje fortelja noko om kvar han skulle.

Kanskje kan stuntet to bergensarar utførte i fjor ha verka inn på den strenge policyen. Dei to kjente til kor tid Google skulle fotografera og sette seg i dykkerdrakt ved vegen og sprang etter bilen då den kom forbi. Dette stuntet kan du lesa meir om på bt.no.

Tok bilde frå sykkel
Andreas Viken Førster fortel at ein stor trehjulssykkel også har vore brukt i årets fotorunde.

- Vi har tatt bilde på turstiar og andre plassar der vi ikkje kjem til med bil, som i Kristiansand Dyrepark og i Nordmarka i Oslo.

Å behandla bilda i etterkant, blant anna med sladding av ansikt og bilskilt, tar tid, så dei nyaste bilda er førebels ikkje publisert.

Google Street View kan du prøva på Google Maps.

Zoom inn på eit område og dra den vesle gule figuren ved zoom-knappen ned i gata. (Så har den arbeidsdagen gått).

Funksjonen er ikkje berre underhaldande og nyttig for privatpersonar som for eksempel skal sjekka eit område dei skal reisa til, bedrifter kan også bruka funksjonen kostnadsfritt på sine heimesider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.