Lokal | 26. juni 2018

Gorillaen er stolen

Både Os Blomsterservice og restauranten Havnechefen har i natt vore utsett for hærverk og tjuveri.

Gorillaen er stolen
Gorillaen «Gustav» har sete utanfor blomsterbutikken sidan Torget var nytt våren 2017. I natt blei han stolen. (Foto: KVB/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. juni 2018 08:03

Bildeserie:

Her sto gorillaen. Kjettingane blei fjerna etter kommentar om fangenskap. (Foto: KVB)
Her sto gorillaen. Kjettingane blei fjerna etter kommentar om fangenskap. (Foto: KVB)
Også Havnechefen har vore utsett for hærverk og tjuveri. (Foto: KVB)
Også Havnechefen har vore utsett for hærverk og tjuveri. (Foto: KVB)
Noko er knust, andre ting er stole. (Foto: KVB)
Noko er knust, andre ting er stole. (Foto: KVB)
1 av 3
Her sto gorillaen. Kjettingane blei fjerna etter kommentar om fangenskap. (Foto: KVB)
Også Havnechefen har vore utsett for hærverk og tjuveri. (Foto: KVB)
Noko er knust, andre ting er stole. (Foto: KVB)

Han har fått sitja som ein konge over Torget i over eit år, gorillaskulpturen som Marianne Holmefjord berre «måtte» ha då ho var på messe.

Då ho kom på jobb i dag var gorillaen vekke.

– Det er ikkje lenge sidan vi gav ros for at blomane og plantene våre har fått stå i fred. I dag låg det fleire blomar strødd, i tillegg er gorillaen «Gustav» vekke, fortviler Marianne.

Ho håper at dei som har tatt den har sett den frå seg ein stad, at den dukkar uskadd opp igjen.

• OPPDATERT: Gorillaskulpturen er funnen

Fjerna kjetting etter facebook-kommentar

– Eg veit ikkje om dette er noko som folk på fest har gjort på tull, eller om det faktisk er nokon som har stole den for å ha den sjølv. Det har vore mange som har vore i meg for å kjøpa den, men han er ikkje til sals.

– Den er altså ikkje selt, og vi er glade om vi får tips som leiar til at vi finn den igjen.

– Var den låst fast på nokon måte?

– I starten hadde vi kjetting på den, men då fekk vi så mange kommentarar på facebook om at «dyr ikkje skulle vera i fangenskap» eller noko sånt, så vi fjerna kjettingen. Sjølv om dette altså er ein skulptur, ein verdigjenstand for oss.

Stal brennevin frå takterrassen

Også hos Havnechefen har det vore tjuveri og hærverk.

Nokon har klatra forbi den låste porten og opp på takterrassen. Der har dei stole alkohol, knust flasker og rota i baren.

Forholda blir meldt til politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.